Tida moden for kontakt med Beijing

Vatikanet sin "utanriksminister", erkebiskop Giovanni Lajolo, seier at "tida no er moden for å opprette diplomatisk samband mellom Kina og Den heilage stol." Fråsegna kom sist laurdag då Lajolo vart intervjua for ein TV-stasjon i Hong Kong om den nye kinesiske kardinalen, biskop Joseph Zen Ze-kiun av Hong Kong.

Etter det erkebiskop Lajolo sa, er paven si utnemning av den nye kinesiske kardinalen "eit teikn på den spesielle kjærleiken Benedikt XVI har til heile det kinesiske folket."

Erkebiskopen sa vidare at "det er velkjend at det har vore oppturar og nedturar i dei ulike kontaktane mellom Kina og Vatikanet. Den heilage stol har gjeve tydelege forklåringar på kva vi ønskjer, kva vi er innstild på å innrømme og kva vi aldri kan gi opp dersom Kyrkja skal vere trufast mot seg sjølv. Etter vår meining er tida no moden," sa den offisielle Vatikansendemannen.

Den offisielle kontakten mellom Vatikanet og Beijing vart broten i 1951 etter at kommunistpartiet tok makta og utviste den apostoliske nuntius, erkebiskop Antonio Riberi. Den heilage stol er no villig til å flytte det apostoliske nuntiaturet frå Taipei på Taiwan attende til Beijing "på grunn av tilhøve i tida, på same vis som det i 1952 vart overførd frå fastlands-Kina til Taiwan," sa erkebiskop Lajolo.

Det mest vanskelege punktet for tida i tilhøvet mellom Kina og Vatikanet, er at Beijing ikkje tillet paven å utnemne biskopar i Kina. Erkebiskop Lajolo tok opp dette i eit intervju med Hong Kong-avisa South China Morning Post. I intervjuet kom erkebiskopen og inn på om det er mogeleg at pave Benedikt XVI kan vitje Kina før dei olympiske leikane i 2008.

Ei slik vitjing kan tene til å "syne paven sin faderlege kjærleik til biskopane, prestane og dei truande som har gjeve, og held fram med å gi, vitnemål om ei djup og ofte lidande truskap til Peter sin etterfølgjar," sa erkebiskopen.

Men han la til at den første, og heilt naudsynte føresetanden for ei vitjing, er ein invitasjon frå den kinesiske regjeringa.

Zenit (30. mars 2006)