Fransk biskop med kritikk mot innskjerping av innvandringspolitikken

Den franske biskopen av Saint-Denis, Olivier de Berranger, har i sterke ordelag retta kritikk mot planane om ei innskjerping av innvandringspolitikken. I eit intervju med den katolske dagsavisa "La Croix", sa biskopen at den planlagde innskjerpinga berre er motivert utifrå egoistiske omsyn. Biskopen meinte at kyrkja må seie nei til ein politikk som går ut på at berre "gode" innvandrarar skulle få kome til landet, medan grensene vert stengde for alle andre.

I framlegget til ny innvandringslov ynskjer den franske regjeringa å forenkle prosedyrene for innvandring av høgkvalifiserte arbeidstakarar, samstundes som ein vil innskrenke innvandringa av folk utan etterspurt utdanningsbakgrunn. Parallelt med dette ynskjer regjeringa å skjerpe krava for familieattforeining. Fram til no har det vore mogleg å hente familien til Frankrike etter at ein har vore busett i landet i eit år. Dersom loven går gjennom vil minstetida no verte to år, samstundes som familieforsyrgjaren må leggje fram prov på at han eller ho har tilstrekkeleg inntekt til å ta hand om familien.

Kathpress (4. april 2006)

av Webmaster publisert 04.04.2006, sist endret 04.04.2006 - 11:16