Den siste "hemmelege" gresk-katolske biskop død

Den siste "hemmelege biskopen" innan den gresk-katolske kyrkja i Romania, Emil Riti, døydde den 18. februar i år i den transylvanske byen Cluj-Napoca. Det tok imidlertid over ein månad før biskopens bortgang vart offisielt stadfesta av den apostoliske nuntius i Bucuresti, erkebiskop Jean-Claude Perisset.

Under strengt hemmeleghald vart Emil Riti den 18. april 1985 bispeordinert av biskop Joan Maria Dragomir (1905-1985). Dette kom til å bli den siste hemmelege bispeordinasjonen i Romania før landets mangeårige kommunistiske diktator, Ceausescu, vart styrta og drepen i 1989. Riti var frå 2002 den siste tidlegare "hemmelege" biskop som framleis var i live.

Sjølv om Ritis bispeordinasjon vart rekna som gyldig, vart ikkje ordinasjonen offiselt anerkjent av Vatikanet, og som ei fylgje av dette vart Riti aldri gjeven fullmakt til å utøve biskoppelege funksjonar.

Biskop Dragomir hadde sjølv motteke hemmeleg bispeordinasjon då han i 1949 vart ordinert til biskop av den dåvarande apostoliske nuntius i Bucuresti, biskop Gerald Patrick O' Hara. Ordinasjonen fann stad i kapellet i nuntiaturet. Etter at kommunistane tok makta i Romania i 1948, vart dei ulike kyrkjesamfunn utsett for forfylgjing; spesielt utsatt var den gresk-katolske kyrkja, ei katolsk kyrkje som gjer bruk av bysantinsk liturgi. I 1949 nedla styresmaktene forbod mot den gresk-katolske kyrkja, arresterte dei gresk-katolske biskopane og søkte å få dei gresk-katolske kyrkjelydane tvangsintegrerte i den ortodokse kyrkja. Dei fleste av dei arresterte biskopane døydde i fangenskap. Blant dei mange prestar og ordensfolk som måtte gjennom lange fengselsstraffer, var også Emil Riti. Han sat i fengsel frå 1950 til 1964.

I perioden 1948-1950 mottok totalt 12 gresk-katolske prestar hemmeleg ordinasjon som biskopar. Men også desse 12 nye biskopane vart arresterte, då styresmaktene under ei husgjennomsøking fekk tilgang til ei namneliste over dei 12. Sju av desse biskopane døydde i fangenskap, to døydde etter at dei slapp ut av fengselet i 1964. Berre tre av biskopane kom til å oppleve kommunismens fall: erkebiskop Alexandru Todea, (kardinal frå 1991), som døydde i 2002, biskop Joan Ploscaru, som døydde i 1998, og biskop Janos Chertes, som døydde i 1992.

Blant dei biskopane som hadde vorte ordinert før den kommunistiske maktovertakinga, var det biskop Juliu Hossu som kom til å leva lengst. Hossu vart fødd i 1885 og vart ordinert til biskop av Cluj-Gherla allereie i 1917. Etter at Hossu døydde i 1970, vart biskop Dragomir sett på som den viktegaste leiaren for den gresk-katolske undergrunnskyrkja i Romania. Biskop Dragomir ordinerte tre biskopar dei siste tre åra han var i live. I 1983 ordinerte han Octavian Cristian til biskop, året etter Julian Paven, og i 1985 kom ordinasjonen av Emil Riti.

Ordinasjonen av desse tre nye biskopane skapte ein viss strid blant dei andre biskopane. Kritikarane synte til at paven hadde gjeve retningsliner som gjekk ut på at berre den sist levande biskopen hadde rett til å ordinera sin etterfylgjar, og at det jo framleis var fleire gresk-katolske biskopar i live. Kardinal Todea skal visstnok seinare ha gjort eit framstøyt mot Vatikanet for å få pavens offisielle godkjenning av dei tre bispeordinasjonane, som hadde funne stad i perioden 1983-1985. Ei slik offisiell godkjenning kom imidlertid aldri frå Roma.

Med biskop Riti sin bortgang er det på sett og vis satt ein endeleg sluttstrek for den historiske epoken 1948-1990; ein periode prega av sterk forfylgjing mot den gresk-katolske kyrkja i Romania. Framleis er det imidlertid mange ukjende detaljar rundt dei mange hemmelege bispeordinasjonane i Romania i denne tidsperioden.

Kathpress (4. april 2006)

av Webmaster publisert 04.04.2006, sist endret 04.04.2006 - 18:48