Maronittiske biskopar oppfordrar til nasjonal dialog

Dei maronittiske biskopane i Libanon har gått ut og oppfordra til at den såkalte "nasjonale dialogen" vert teken opp att.

Nyhendebyrået "Asianews" melder at dei maronittiske biskopane, under leiing av patriark og kardinal Nasrallah Sfeir, har oppfordra politikarane til å ta inn over seg at dei har eit ansvar.

Den nasjonale dialogen brakte saman ulike politiske og konfesjonelle grupperingar. Men på grunn av interne motsetningsforhold vart samtalene avbrotne og utsette i tid til slutten av april. Ikkje minst står partane mot kvarandre i spørsmålet om kven som skal overta etter Libanons pro-syriske maronittiske president, Emile Lahoud.

Vatikanradioen/Asianews, 6. april 2006 (7. april 2006)

av Webmaster publisert 07.04.2006, sist endret 07.04.2006 - 12:25