Paven kjem til Brasil i 2007

 Se også:

Pave Benedikt XVI kjem til Brasil den 31. mai 2007. Paven skal delta på avslutninga av den latinamerikanske bispekonferansens 5. generalforsamling, som vert markert ved den brasilianske Maria-heilagdomen "Nossa Senhora de Aparecida". Det var erkebiskopen av Aparecida, Raymundo Damasceno Assis, som gjorde dette kjent via det portugisiske katolske telegrambyrået "Ecclesia".

Basilikaen i Aparecida, som ligg i forbundsstaten São Paolo, er den største kyrkjebyggnaden i heile Latin-Amerika. Det er plass til 45.000 personar i basilikaen. Under neste års bispekonferanse i Aparecida, som vil strekka seg over perioden 13. til 31. mai, vil samtlege biskopar i Latin-Amerika delta.

Allereie i juli 2005 aksepterte pave Benedikt XVI "i prinsippet" invitasjonen til den 5. latinamerikanske bispekonferansen. Dette kjem fram i eit brev til erkebiskop Assis frå erkebiskop Leonardo Sandri ved det pavelige statssekretariatet.

Også den 1. generalforsamlinga til dei latinamerikanske biskopane fann stad i Brasil i 1955, men då i Rio de Janeiro. Det var den legendariske biskopen (seinare erkebiskop) Dom Helder Camara som den gongen organiserte konferansen. Den 2. konferansen fann stad i Medellín i Colombia i 1968, medan den 3. fann stad i 1979 i meksikanske Puebla i nærvær av pave Johannes Paul II. Den 4. konferansen vart gjennomført i Santo Domingo i 1992, og fall saman med 500-årsmarkeringa av oppstarten på Amerikas evangelisering.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (24. april 2006)

av Webmaster publisert 25.04.2006, sist endret 25.04.2006 - 12:08