Meir enn 1,1 milliardar katolikkar i verda

Talet på katolikkar i verda steig i perioden frå 1978 til 2004 med 45% til eit tal på rundt 1,1 milliardar. Dette går fram av den katolske kyrkja si nyaste statistiske årbok, som Vatikanets pressekontor nyleg presenterte kjernedata frå. I løpet av pontifikatet til Johannes Paul II auka talet på katolikkar i verda med meir enn 340 millionar.

Situasjonen varierer mykje frå kontinent til kontinent. I Europa har katolikkanes andel av den totale befolkninga ikkje endra seg sidan 1978, og ligg som før på 40%. I Afrika, derimot, har talet på katolikkar i same tidsrommet vorte tredobla; i dag er det 150 millionar katolikkar i Afrika. I Asia auka talet på katolikkar i same perioden med 80%; i dag er 3% av Asias befolkning katolikkar. På det amerikanske dobbeltkontinentet auka talet på katolikkar i løpet av Johannes Paul II sitt pontifikat med omlag 50%. Pr. dags dato er 62% av dobbeltkontinentet si befolkning katolikkar.

Talet på katolske biskopar i verda steig i same periode med 28% til nesten 4.800. Spesielt sterk vekst i talet på biskopar var det i Afrika og i Oseania. Snittalderen til biskopane låg i 2004 på 67,4 år; dette er 5 år høgare gjennomsnittsalder enn i 1978.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (1. mai 2006)

av Webmaster publisert 02.05.2006, sist endret 02.05.2006 - 11:14