"Dei kastelause sin helgen" saligkåra

Ein indisk prestevigd munk, som har vore omtalt som "Dei kastelause sin helgen", vart på sundag saligkåra i byen Ramapuram, som ligg i forbundsstaten Kerala. Messa vart feira etter syrisk-malabarisk ritus, og vart leia av storerkebiskopen av Ernakulam, kardinal Varkey Vithayathil. Titusenvis av menneske frå heile India, både katolikkar og andre, var til stades under saligkåringa av pater Augustinus Thevarparampil.

Thevarparampil vart fødd i 1891 i Ramapuram, der han også døydde i 1973. "Den nye salige har gjennom sin store innsats i sterk grad bidrege til å endre livet til dalit, det vil seie dei kastelause i det indiske samfunnet," sa den syrisk-malabariske biskopen av Palai, Joseph Kallarangatt, i ein samtale med det katolske telegrambyrået "Asia News".

"Pater Augustinus var ein enkel og audmjuk prest, som var pregja av eit djuptgåande bøneliv, og som alltid var parat til å tale rettferda si sak. Han var ikkje berre eit førebilete for prestar, men for alle truande."

Pater Augustinus sytte mellom anna for at jenter fekk tilgang til skulegang, og at kvinner fekk skikkeleg betalt for arbeidet sitt. På grunn av Augustinus sin innsats forandra heimstaden Ramapuram seg frå å vare ein bortgøymd landsby til å verte ein framgangsrik by. Vitnesbyrdet til pateren førde til at mange av dei kastelause vart kristne og lot seg døypa. Allereie medan han framleis var i live vart pater Augustinus æra som ein heilag.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (2. mai 2006)

av Webmaster publisert 02.05.2006, sist endret 02.05.2006 - 16:02