Pave Pius XII hjalp tusenvis av jødar under krigen

Saligkåringsprosessen for pave Pius XII (1939-1958) skal i fylgje den ansvarlege postulator nærme seg slutten.

"Det framstår som sannsynleg at prosessen vil verte avslutta i næraste framtid. Etter dette vil avgjeringa liggja i pavens hender," sa jesuittpater Peter Gumpel under eit symposium om pave Pius XII som nyleg vart gjennomført i Roma. Saligkåringsprosessen tok til den 19. oktober 1967, og i løpet av denne perioden har ein vore vitne til protestar, men prosessen har heile tida gått vidare. Under symposiet om pave Pius XII, som fann stad på det romerske Lateran-universitet, forsvarte rabbinar David G. Dalin frå New York pave Pius XII mot skuldingane om at han skulle ha vore antisemittisk innstilt og at han skulle ha vore "Hitlers pave". Rabbineren synte til korleis pave Pius XII, etter at Mussolini hadde innført raselovar i 1938, lot mange jødiske flyktningar få kome i tryggleik innanfor Vatikanets murar, der dei også vart gjeve arbeid. Berre i pavens sumarresidens Castel Gandolfo vart 3.000 jødar brakt i trygg forvaring og slik redda frå nazistane.

I motsetnad til dei fleste av datidas topp-politikarar nekta pave Pius XI og hans statssekretær Eugenio Pacelli (den seinare pave Pius XII) å treffa Hitler under hans besøk i Roma i 1938, og valde i staden å ignorere den tyske føraren. I fylgje rabbinar Dalin var dette ei handling som på den tida kravde både mot og karakterstyrke. Rabbineren la dessutan vekt på at Albert Einstein i ein artikkel hadde gjeve ros til pave Pius XII.

I ei helsing til symposiet frå Vatikanets statssekretær, kardinal Angelo Sodano, vart pave Pius XII lovprisa for sitt "enorme livsverk". Spesielt trakk kardinalen fram Pius XII sin innsats for å forhindra utbrotet av 2. verdskrigen, hans innsats for å hjelpe dei mange som kom til å lide som fylgje av krigen, samt hans innsats for å få slutt på krigen.

Det var den katolske avisa "Trenta Giorni", som vert gjeve ut av Italias tidlegare statsminister Giulio Andreotti, som hadde invitert til symposiet.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (2. mai 2006)