Feiring av Sveitsergardens 500-årsjubileum

 Se også:

Vatikanet førebur seg på 500-årsjubileet til Sveitsergarden. Som opptakt til jubileet mottok ein på torsdag den 4. mai 120 tidlegare sveitsergardistar. Desse har gått 720 kilometer til fots frå Sveits til Roma langs ei historisk rute.

På fredag den 5. mai vert det gjennomført ei høgtidsam minnemarkering i Roma. Til denne minnemarkeringa ventar ein også forbundspresidenten i Sveits, Moritz Leuenberger.

Høgdepunktet i feringa vert imidlertid ei pontifikalmesse i Petersdomen på laurdag den 6. mai. Denne vert feira av pave Benedikt XVI. Der vil både aktive gardistar og veteranar ta del, i tillegg til familiane deira. Under messa vil nye rekruttar avleggje eid.

Den festlege minnemarkeringa omfattar også fleire konsertar. Arthur Honeggers dramatiske melodisatte dikt "Nicolas de Flue", som handlar om den sveitiske nasjonalhelgen, vil verte framført. I tillegg vil ein framføre verk av komponisten og benediktinaren Theo Flury.

Kathpress (5. mai 2006)

av Webmaster publisert 05.05.2006, sist endret 05.05.2006 - 17:39