Arkeologar kan ha oppdaga kyrkjebygning frå år 965

I den polske byen Poznan kan arkeologar ha oppdaga restane av den sannsynlegvis eldste kyrkjebygningen i Polen. I fylgje polsk presse skal gudshuset ha vorte bygd i år 965 på ordre frå enka etter den polske kongen Mieszko I. Restane av det som kan vere ei gamal kyrkje har vorte oppdaga under Mariakyrkja i Poznan.

For å få tilgang til sikrare informasjonar om den gamle bygningen, må det verte gjennomført arkeologiske utgravingar under Maria-kyrkja. Førebels har imidlertid ikkje kyrkjelege styresmakter gjeve løyve til dette, melder den polske dagsavisa "Gazeta Wyborcza".

Kathpress, 5. mai 2006 (9. mai 2006)

av Webmaster publisert 09.05.2006, sist endret 09.05.2006 - 10:11