Sekulariseringa på retrett; aukande interesse for kristentrua

I fylgje ei undersøkjing utført av det religionsvitskaplege instituttet "Cesnur", offentliggjort i den italienske dagsavisa "La Repubblica", syner italienarane no aukande interesse for kristendomen.

Etter terroranslaga i USA den 11. september 2001 har italienarane på ny søkt til den kristne trua og orientert seg i retning av eit aktivt bøneliv.

Direktøren ved Cesnur, Massimo Introvigne, tolkar tendensen som at sekulariseringa er komen til vegs ende og at denne no vert avløyst av postmoderne "sakralisering".

I fylgje studien tilhøyrer 90% av italienarane Den katolske kyrkja. Av desse reknar ein tredjedel seg som praktiserande katolikkar. Seks prosent av dei spurte seier at dei ikkje trur på Gud. Blant dei religiøse minoritetane i Italia representerer Jehovas Vitner det største minoritetssamfunnet med 400.000 medlem, tett fulgt av protestantane som har 363.000 medlem. På neste plass kjem buddhistane med 93.000 medlem. "New Age"-rørsla har i løpet av dei seks siste åra fått halvert medlemstalet frå 30.000 til 15.000.

Kathpress. 9. mai 2006 (11. mai 2006)

av Webmaster publisert 12.05.2006, sist endret 12.05.2006 - 10:23