Programmet for pavens reise til Spania offentleggjort

 Se også:

Vatikanet offentleggjorde på måndag programmet for pave Benedikt XVI si pastoralreise til Valencia i Spania; ei reise som finn stad 8. - 9. juli i år. Paven skal vare til stades under den 5. verdssamlinga for familiar. I fylgje programmet kjem paven til å opphalde seg nøyakteg 26 timar i Spania. Paven vil halde ei tale under avslutningsmarkeringa av verdssamlinga, og vil også feire den heilage messe på sundags føremiddag den 9. juli.

På programmet står også eit møte med statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero, ein visitt hjå det spanske kongeparet samt eit møte med spanske biskopar. Paven reiser frå flyplassen Roma-Fiumicino klokka 09.30 den 8. juli, og returnerer til flyplassen Ciampino neste dag klokka 15.30.

Verdssamlinga for familiar finn stad i Valencia i tidsrommet frå 4. til 9. juli. Verdssamlinga vert gjennomført på ulike stader rundt om i verda kvart tredje år, og har bakgrunn i eit initiativ frå pave Johannes Paul II. Den spanske bispekonferansen reknar med at meir enn 1,5 millionar menneske vil delta på arrangementet,inkludert 60 kardinalar, 400 biskopar og rundt 4.000 prestar.

Pavens besøk til Spania vert prega av den pågåande striden mellom Vatikanet og den spanske sosialistiske regjeringa rundt spørsmålet om forskingskloning samt rundt spørsmålet om ekteskapsinngåing mellom homofile. I forkant av pavebesøket har ulike politiske parti uttalt seg om desse sakene. Det konservative Partido Popular, som sit med makta i Valencias kommunestyre, skuldar den sosialistiske regjeringa for å utnytte pavebesøket til eiga politisk vinning.

Kathpress, 12. juni 2006 (14. juni 2006)