Sluttdokumentet frå fjorårets bispesynode snart klart

 Se også:

Sluttdokumentet etter fjorårets verdsomfattande bispesynode om eukaristi vil snart vere ferdig. Det ansvarlege synoderådet er i ferd med å sluttføre den redaksjonelle samanfatninga av tilrådingane frå bispesynoden, og det ferdige dokumentet vil deretter verte presentert for paven. Dette kjem fram i eit kommuniké som vart sendt ut frå Vatikanet på laurdag. Førebels er det imidlertid uvisst når pave Benedikt XVI kjem til å offentleggjere synodedokumentet.

Den 11. ordentlige verdsbispesynoden fann stad i Vatikanet frå 2. til 23. oktober 2005. Tema for synoden var "Eukaristien: Kjelde og høgdepunktet for kyrkja i hennar liv og hennar kall". På synoden deltok 256 biskopar frå 18 land, forutan representantar for store kyrkjelege organisasjonar samt ekspertar. Representantar for andre kyrkjesamfunn var også til stades. Synoden hadde som definert målsetjing å medverke til ei fordjuping av den eukaristisk fromheit, og ynskja å fokusere på at ei slik eukaristisk fromheit bør danne utgangspunkt for den personlege, den familiære og den sosiale livsførsla.

Ei liste med tre temaforslag for neste verdsomspennande bispesynode vil verte presentert for paven av det ansvarlege synodesekretariatet. Pave Benedikt XVI vil på dette grunnlaget treffe vedtak om kva for tema som skal danne grunnlag for neste synode, og offentleggjere dette ved eit passande tidspunkt. Synodens bisperåd, som tek hand om løpande saker i tidsrommet mellom synodesamlingane, har dei siste dagane vore samla under leiing av sin generalsekretær, erkebiskop Nikola Eterovic, for å verte samde om ei slik liste med tre moglege tema for neste bispesynode. Tidspunktet for neste bispesynode har førebels ikkje vorte fastsett. Normalt har bispesynodane funne stad med tre års mellomrom.

Kathpress, 11. juni 2006 (14. juni 2006)

av Webmaster publisert 14.06.2006, sist endret 14.06.2006 - 19:06