Paven uttalar seg om formålet med reisa til Bayern

Før avreisa si til Bayern laurdag den 9. september, uttrykte pave Benedikt XVI stor glede over å få høve til å vitje den tyske delstaten.

"Eg takkar Herren for at eg får vitje heimstaden min i Bayern for fyrste gong etter at eg vart vald til biskop av Roma" sa paven under generalaudiensen på Petersplassen sist onsdag. Paven uttrykte von om at reisa måtte medverke til ein ny vår for den kristne tru og til ei kulturell utvikling.

I godt humør helsa paven 400.000 pilegrimar frå bispedømet Regensburg som hadde kome heile vegen til Roma til fots: "Om Gud vil, sjåast me snart i Regensburg, men eg kjem ikkje til fots," spøkte paven.

Pave Benedikt XVI ynskjer at vitjinga hans til Bayern skal føre til at gleda over den kristne trua skal verte vekka på ny. I ei personleg skriftleg helsing til ei spesialutgåve av "Münchner Kirchenzeitung" uttrykker paven eit ynskje om at "fleire unge menneske skal få hjelp til å overvinne si tvil rundt kyrkjas framtid, slik at dei vel å stille seg i kyrkjas teneste som prestar eller som ordensfolk." Spesialutgåva av "Münchner Kirchenzeitung", som kjem i eit opplag på 400.000, skal delast ut gratis i München under pavens opphald i Bayern.

Paven skriv i si helsing at han etter at han vart vald til Peters etterfylgjar har opplevd spesielt mykje pågang frå Bayern. Dette ynskjer han no å syne si takksemd for. "Tilknytinga til heimstaden min i Bayern og den aktive forbøna til dei kristne der for mi teneste representerer ei viktig støtte for meg i mitt ansvar for den katolske verdskyrkja."

Kathpress , 6. september (11. september 2006)