Paven si reise til Bayern medfører store utfordringar for tysk jernbane

Det nasjonale tyske jernbaneselskapet „Deutsche Bahn" reknar med ein million ekstra togpassasjerar i samanheng med messene paven skal feire i München, Altötting og Regensburg. I perioden frå 9. til 14. september vil 60 ekstra regionaltog og 480 ekstra T-banevagnar verte sette inn på jernbane- og T-banenettet i Bayern. Berre i München har Deutsche Bahn satt inn 850 ekstra medarbeidarar under paven si vitjing for å greia unna med den store pågangen av passasjerar.

Konsernfullmektig for jernbaneselskapet si avdeling i Bayern, Klaus-Dieter Josel, uttalar at jernbaneselskapet med denne satsinga har tynt dei tilgjengelege ressursane fullt ut, og at ein opererer heilt på grensa av kva som er mogleg å få til. Jernbaneselskapet reknar med stor tilstrøyming av pilegrimar frå det nordvestlege Tyskland, frå Austerrike og frå Tsjekkia.

Kathpress, 7. september 2006 (11. september 2006)