"Benedikt-søyle" satt opp i pavens heimby

I heimbyen til pave Benedikt XVI vart det sist fredag satt opp ei "Benedikt-søyle" i bronse. Kunstverket er vorte utført av kunstnaren Joseph Michael Neustifter frå Eggenfeld. Kunstverket har form av ein forsiktig opna skriftrull, og har vorte sett opp på marknadsplassen som ligg mellom huset der paven vart fødd og byens rådhus. Ordføraren i byen, Hubert Gschwendtner, sa under avdukinga at "søyla ikkje må verte oppfatta som personkultus, men som ei påminning om den kristne gledesbodskapen og om fredsbodskapen til St. Benedikt."

Søyla er vigd til så vel den heilage St. Benedikt frå Nursia som til den novarande paven. For å markere dette poenget finn ein på søyla inngravert utdrag frå Benediktinar-regelen så vel som utdrag frå pave Benedikt XVI sine preiker, som til dømes slike utsegner som "Kyrkja er ung" og "Den som trur er aldri åleine". I tillegg til dette finn ein på søyla framstillingar av St. Benedikt som skrivande munk, forutan illustrasjonar til tekstar frå Det nye testamentet.

Filosofen Ulrich Hommes, som er ven av paven, fungerte som rådgjevar for utforminga av kunstverket. I mai i år reiste kunstnaren Neustifter og filosofen Hommes til Vatikanet for å presentere planane for kunstverket for paven. Ved dette høve uttalte paven seg positivt om planane, og skal ha tilføydd: „Då kan Marktl (redaksjonens kommentar: pavens fødeby) fryde seg over eit flott kunstverk. Og eg også."

Kathpress, 8. september 2006 (11. september 2006)