Snarveier

LIVE

Kontakt oss

Ofte stilte spørsmål

Jeg ønsker å

Donasjoner

Messetider

Menigheter

Klostre

Persongalleri Norge

Adresseforandring

Mytene om Galilei

Om mytene som er blitt del av vår kulturelle barnelærdom og oppfattes som selvfølgelige sannheter i den offentlige samtalen.

Les mer
Program for Olsok 2012

Den katolske kirkes olsokfeiring i Trondheim og på Stiklestad

Les mer
 

Paven tek seg fri 13. september for å vere saman med broren sin

Då programmet for pavereisa vart offentleggjort, vart mange ganske så overraska. Denne overraskinga hadde ikkje bakgrunn i sjølve programmet for reisa, men hadde heller bakgrunn i det forhold at paven hadde innvilga seg sjølv ein fridag midt inne i programmet, nemleg onsdag den 13. september, for å vere saman med broren sin. Sjølv journalistane skulle denne dagen nektast tilgang til paven. Årsaka var som fylgjer: "Paven skal ha personleg samvær med broren sin".

Likevel vil vel neppe fridagen gå så privat for seg som dei to brørne har førestilt seg det. Det bayerske fjernsynet vil overføra pavens signing av benediktiner-orgelet i "Alten Kapelle", som finn stad på føremiddagen på pavens fridag, og det er vel sannsynleg at fotografar også vil vere til stades når paven skal vitje grava til sine foreldre og til systera si på Ziegetsdorfer Friedhof.

I samband med signinga av orgelet vil paven vitje huset til broren, og innta lunsj saman med han. Det er ikkje kjent kven som vil vara til stades under lunsjen, og også menyen vert halden hemmeleg. Ved spisebordet er det maksimalt plass til sju personar.

For å kunne vara saman med broren flyttar pavens bror Georg Ratzinger inn på presteseminaret i Regensburg der paven vil bu under sitt opphald i byen.

Ein lyt også rekne med stor gjensynsglede når Benedikt XVI kjem til huset sitt i Pentling. Pavens "nabo" Rupert Hofbauer, har saman med kona si medverka til at paven sin hage no framstår i tipp topp stand.

Kathpress, 12. september 2006 (13. september 2006)