Pavens privatsekretær hadde lunsj saman med jødisk forsamling

Pavens privatsekretær, monsignore Georg Gänswein, hadde onsdag kosher-lunsj saman med den jødiske forsamlinga i byen Regensburg. Dette opplyser biskopen av Regensburg sin generalvikar, Michael Fuchs.

Forutan Gänswein var også den pavelege reiserådgjevaren Alberto Gasbarri samt åtte andre personar frå det pavelege reisefylgjet med på lunsjen. På same tid hadde paven sjølv privat lunsj saman med broren sin, Georg Ratzinger, i heimen til broren. Det jødiske forsamlingshuset ligg berre nokre meter frå Georg Ratzingers hus i gamlebyen i Regensburg.

Den jødiske forsamlinga gav eit spontant „ja" til svar på spørsmålet frå biskopen av Regensburg, Gerhard Ludwig Müller, om ein ville ta på seg å arrangere ein slik lunsj. Biskop Müller har tett kontakt med den jødiske forsamlinga i byen. For to år sidan haldt biskopen ei tale i byens synagoge i samband med feiringa av Yom Kippur.

Dei deltakarane i pavens reisefylgje som ikkje var med på kosher-lunsjen onsdag, som var pavens "private dag", gjennomførte ein utflukt til benediktinerklostra Rohr og Weltenburg.

Kathpress, 12. september 2006 (14. september 2006)