Profilen til Benedikt XVI sitt pontifikat har vorte synliggjort i Bayern

Bayern-reisa til Benedikt XVI var ein trusfest, ei reise med mykje begeistring og sterke emosjonar, men samstundes ei reise prega av ein klar og inntrengande bodskap. I München, Altötting, Regensburg og Freising preika Benedikt XVI om trua, som skal gje kyrkja nye impulsar og samstundes styrka hennar rolle i samfunnet. Paven si reise til Bayern, som var hans fjerde utanlandsreise, har også medverka til å synleggjere profilen til pontifikatet hans.

Pave Benedikt XVI synte seg i Bayern frå ei særs personleg og særs sympatisk side. Han gledde seg over „nok ein gong" å få sjå heimstaden sin, og takka for alt arbeidet som hadde vorte lagd ned i førebuinga til reisa. Publikum kunne sjå at paven var tydeleg rørt når han stod ved Mariasøyla i München samt då han stemte i Bayern si hymne og bad om Guds vern for Bayern. Medan pavens korte stopp i fødebyen Marktl mest hadde preg av eit pliktprogram, var det derimot lett å merke at Benedikt XVI følte seg heime i Regensburg. Med stor omsorg tok han hand om den svaksynte broren sin. Og at han under den "private dagen" på onsdag lot fjernsyn få vare til stades, sogar medan han bad ei stille bøn på grava til foreldra og systera Maria, kom som ei overrasking.

Paven kom imidlertid ikkje til Bayern for å vitje stader som hadde spelt ei viktig rolle i livet hans eller for å vitje vener eller kollegar som hadde vore viktige for han. Som biskop av Roma og som pave formulerte han under opphaldet i Bayern ein bodskap som stadig klarare synest å ha vorte ein kjernebodskap i pontifikatet hans: Det dreier seg om spørsmålet om Guds rolle i eit sekulært samfunn. Dette spørsmålet har gått som ein raud tråd gjennom dei 15 talene som pave Benedikt XVI haldt under opphaldet sitt i Bayern. Paven er oppteken av at Gud ikkje skal pressast ut av det offentlege liv. Paven åtvara mot at ein gløymer Gud, og åtvara også mot at ein vert døv overfor Guds bodskap. Han åtvara også mot blasfemi, og mot forsking som ikkje tek etiske omsyn.

Med stor ettertanke og god pedagogisk evne talte paven til sitt publikum, stundom talte han til born, andre gonger talte han på eit høgt intellektuelt nivå. Paven understreka at tru og fornuft høyrer saman. Difor må teologien også i framtida ha sin faste plass som vitskapleg fag på universiteta, understreka pave Benedikt XVI. Og han la også vekt på at trua og religionen danna ein grunnføresetnad for å kunne engasjera seg i dialog med andre kulturar.

På dette grunnlaget gjekk paven inn på ei rekke ulike tema, for å demonstrere at kyrkja ikkje utelukkande er oppteken av det evige livet, men også oppteken av å sikra menneskeverdige vilkår i denne verda. Pave Benedikt XVI refererte mellom anna til problem knytte opp mot arbeidslivet; han la vekt på at omsynet til mennesket alltid måtte stå i sentrum. Paven tilrådde ettertrykkeleg den katolske sosiallæra. Paven uttalte seg også om spørsmål rundt religion, vald og krigføring, og åtvara mot såkalla "heilag krig". Paven avviste også tanken om utbreiing av trua ved hjelp av valdsbruk som "vanvittig".

Paven åtvara også tyske katolikkar mot å nedprioritere satsinga på evangelisering, samstundes som han roste dei tyske katolikkane for deira understøtting av viktige sosiale prosjekt.

Der finst ingen klare haldepunkt for å fastslå om dette var pavens siste reise til Bayern, eller om han - i likskap med sin forgjengar - vil vitje heimstaden sin med regelmessige mellomrom.

Kathpress, 14. september 2006 (15. september 2006)