Paven vart møtt med sympati

Pavens apostoliske reise til Tyrkia:

Det var ingen jublande menneskemasse som tok imot pave Benedikt XVI på flyplassen i Tyrkia, men derimot ein æresgarde av tre dusin oppstilte soldatar. Det strenge militære inntrykket vart imidlertid mildna gjennom at paven likevel ganske så overraskande vart ynskja velkomen til Tyrkia av statsminister Recep Tayyip Erdogan, som stod og venta på rullebanen. Enno meir overraskande var imidlertid det som statsminister Erdogan etterpå kom til å referere til frå samtalen med paven.

Etter møtet med pave Benedikt sa Erdogan til media at han hadde oppfordra paven til å gje aktiv støtte til Tyrkias EU-medlemsskap. Erdogan hevda at paven hadde respondert på denne oppfordringa ved å ta til orde for at Tyrkia burde verte medlem av EU.

Dette skapte naturleg nok overraska reaksjonar, all den tid Vatikanet sin "utanriksminister", erkebiskop Dominique Mamberti, på sundag hadde uttalt at Vatikanet ikkje ser det som si oppgåve å ta stilling i spørsmålet om tyrkisk EU-medlemskap.

Kort etter at Erdogan hadde kome med sine oppsiktsvekkjande uttalingar til pressa, gjekk imidlertid Vatikanet ut med ei kunngjering der det vart slege fast at Vatikanet "ikkje har noko ynskje om å intervenere i eit politisk spørsmål av den typen spørsmålet om ulike lands EU-medlemsskap representerer." Men utanriksministeren uttalte samstundes at paven stiller seg heilhjarta bak Erdogan sitt initiativ til "dialog mellom kulturar"; eit initiativ som Erdogan presenterte i sitt møte med paven tidlegare på dagen.

Paven si reise har så langt vore ein suksess i høve til den tyrkiske opinionen. I samtalen med Erdogan omtalte pave Benedikt XVI den islamske religionen som ein religion prega av fred og toleranse. Statsminister Erdogan og president Ahmet Necdet Sezer framstod begge noko utilpasse i oppstarten av sine respektive møte med pave Benedikt, men begge gav eit stadig meir avslappa og tilfreds inntrykk etterkvart som samtalane med paven gjekk sin gang.

Paven har allereie halde to taler; ei tale til den øvste ansvarlege religiøse embetsmann i den tyrkiske stat, Ali Bardakoglu, samt ei tale til det diplomatiske korpset. I begge desse talene tok pave Benedikt til orde for dialog og respekt mellom kristne og muslimar, og tok samstundes til orde for eit samarbeid i etiske spørsmål, i fredsrelaterte spørsmål samt i rettferds- og solidaritetsrelaterte saker. Paven understreka at ein slik dialog er heilt naudsynt med tanke på framtida.

Paven understreka at han kjem til Tyrkia "som ven og som apostel for dialog og fred". Allereie før si avreise frå Roma hadde paven understreka dialog, brorskap, gjensidig forståing og forsoning som dei viktigaste målsetjingane for si femte utanlandsreise. Paven understreka at reisa ikkje er å forstå som ei politisk motivert reise, men som ei pastoral reise. Samstundes oppfordra paven til at dei kristne kyrkjesamfunna i Tyrkia og deira truande måtte verta gjevne større fridom, så vel på det institusjonelle som på det personlege planet. Paven oppfordra til innføring av institusjonelt garantert religionsfridom i Tyrkia.

Kathpress (29. november 2006)