- Kyrkja vil ikkje tvinge nokon til noko, presiserte pave Benedikt XVI

Pave Benedikt XVs apostoliske reise til Tyrkia:

Med ei kjensleprega messefeiring i den katolske Heilagandens katedral i Istanbul, avslutta paven si fire dagar lange Tyrkia-reise. Messefeiringa i den klassisistiske katedralen vart prega av nye appellar for einskap mellom kristne.

Som æresgjestar deltok den økumeniske patriarken, Bartholomeus I, den armensk-apostoliske patriarken av Konstantinopel, Mesrob II, den syrisk-ortodokse metropolitten, Mar Filüksenos, samt ei lang rekke framståande representantar for byens kristne kyrkjer - i tillegg til politiske representantar.

Utanføre katedralen vart paven hylla av Istanbuls katolikkar med jubel, song og kor av talte røyster. Borgarmeistaren for bydelen Sisli i Istanbul, Mustafa Sarigül, overrekte pave Benedikt XVI fleire kvite duer, som paven under jubel frå tilskodarane lot fly mot himmelen. Ei gruppe ungdomar akkompagnerte dueseremonien med å syngje songen "Shalom".

I preika si oppmoda Benedikt XVI på ny til forsterka økumenisk innsats. I den same katedralen uttrykte pave Johannes Paul II i 1979 si von om at ei sameint kyrkje måtte ha vorte ein realitet før det nye årtusenet tok til.

- Denne målsetjinga har enno ikkje vorte realisert, men eg lengtar etter å sjå den realisert, uttalte pave Benedikt.

- I alle kyrkjelege spørsmål må økumenikken stå i fyrste rekke. Ingen kyrkjesamfunn bør treffe vedtak som motarbeidar eller vanskeleggjer målsetjinga om einskap mellom kristne.

Messefeiringa innehaldt ei rekke element av østkyrkjeleg ritus. Armenske, kaldeiske og syriske katolikkar framførte songar og tekstar. Trusvedkjenninga vart lesen på tyrkisk. Men også latin, italiensk, fransk, arabisk, tysk og spansk språk vart nytta under messefeiringa.

Benedikt XVI oppmuntra kristne til å vedkjenne seg si tru også under vanskelege forhold.

- For kyrkja dreier det seg ikkje om privilegia eller rikdom; kyrkja si oppgåve er å forkynna bodskapen om Kristus, minna paven om.

- De veit at kyrkja ikkje vil tvinge nokon til noko; kyrkja bed berre om å få lov til å peika på han som kyrkja ikkje kan tie om, nemleg Kristus Jesus, sa paven.

I samband med dette kom han også inn på livssituasjonen til dei tyrkiske katolikkane som i kvardagen er omgjevne av muslimar. Han oppfordra dei tyrkiske katolikkar til å opptre varsamt og respektfullt overfor alle som "tørstar etter rettferd, fred, verdigheit og respekt for seg sjølve og for brørne og systrene sine," haldt paven fram.

Ved avslutninga av preika si retta pave Benedikt XVI ei inntrengjande bøn til Herren om ein ny pinse:

- Herre, utgyt Den Heilage Ande over heile kyrkja, slik at han må bu i alle kyrkja sine lemmer og gjere dei til vitne om ditt evangelium.

Den apostoliske vikaren for Istanbul, biskop Louis Pelatre, takka paven for besøket og for all bistand. Biskopen la vekt på at besøket representerte ei viktig oppmuntring og trøyst for den vesle flokken av katolikkar i Tyrkia. Trass i at dei ikkje er så mange, freistar dei tyrkiske katolikkane å gjera noko positivt til det felles vel gjennom karitative og sosiale tiltak.

Den avsluttande velsigninga vart gjeven av pave Benedikt XVI på latin, og av patriark Bartholomeus I på gresk, slik det også skjedde dagen før under den ortodokse gudstenesta i samband med festen for den heilage Andreas i Georgs-katedralen.

Under tumultaktig jubel vart pave Benedikt XVI hylla etter avslutninga av messa. Under pavens utgangsprosesjon ropte dei applauderande truande "Viva il Papa" og "Benedetto". Tryggingspolitiet hadde vanskar med å halda gudstenestedeltakarane på avstand frå paven.

Kathpress (3. desember 2006)