Katolsk fjellmesse palmesundag

Beitostølen i Valdres er ein av dei populære utfartsstadane i påska. Då strøymer turistane til fjells, og Valdres katolske forum har gjort det til ein tradisjon å feire messe på Beitostølen om ettermiddagen palmesundag. Då møtest interesserte i det spesielle Lyskapellet ved Beitostølen helsesportsenter. Dette er eit økumenisk kapell som grunnleggjaren av helsesportsenteret, Erling Stordahl, ivra for å få bygd. Den polske kardinalen Józef Glemp vigsla tomta i 1987, og prinsesse Märtha Louise var til stade sunder innviinga i 2000. Lyskapellet har eit fantastisk glasmåleri, der utkastet er teikna av Ferdinad Finne.

I dette vesle, femkanta og lafta kapellet har det i fleire år vore katolsk messe kl. 18.00 på palmesundag. Ved innleiing til messa er det prosesjon med greiner, og i år er det pater André-Marie Le Thien Vinh frå Hønefoss som kjem for å feire messe. Det er kollekt til Caritas.

Vel møtt!

Valdres katolske forum / KI-Katolsk Informasjonstjeneste (Oslo) (26. mars 2007)

av Webmaster publisert 26.03.2007, sist endret 26.03.2007 - 11:12