Pontifikalmesse på Filefjell 8. juli

Klikk på bildene for stor versjon
Biskop Bernt i Reinli stavkyrkje i august 2006
Det økumeniske St. Tomas-kapellet på Filefjell, bygd i 1971. Hit kjem biskopen for å feire messe 8. juli 2007
Kopien av relikvieskrinet frå Filefjell. Kopien vart i 2006 plassert i St. Tomaskapellet på Filefjell

Til fjells med biskopen

Biskop Bernt Eidsvig tek i år turen til fjells for å feire den årlege katolske messa i det økumeniske St. Tomaskapellet på Filefjell. Merk av datoen sundag 8. juli kl. 13.00, og planlegg ein tur til hjartet av Sør-Norge.

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell, 1000 meter over havet. Ho var truleg frå 1200-talet og var vigsla til Thomas Becket. Og her på fjellet mellom Valdres og Sogn var det frå gamalt fast messedag syftesokdagen 2. juli. Då kom folk langvegsfrå både for å gå til messe, men også for å setja kvarandre stemne. Dette utvikla seg etter kvart til ein marknad, mellom anna med fyll, bråk og slagsmål. Difor vart den gamle stavkyrkja riven i 1808 for å få bukt med heile elendet.

Men Kyrkjestølen låg der, og minnet om kyrkja levde. Difor vart det fleire gonger på 1900-talet ivra for bygging av ei ny St. Tomas-kyrkje. Den stod endeleg klar i 1971, som ei lita, moderne betongkyrkje. Kykja vart vigsla både luthersk og katolsk, med biskop John Willem Gran som katolsk representant.

Valdres katolske forum har teke opp att tradisjonen med ei årleg, katolsk messe på Filefjell, og med påfølgjande kyrkjekaffe ute på kyrkjevollen. I år har vi vore så heldige å få biskop Bernt Eidsvig til å ta turen til fjells for å feire denne messa på Noregs tak, midt mellom aust og vest.

St. Tomaskyrkja var frå gamalt ei valfartskyrkje, ei lovekyrkje. Mange kom hit og vart helbreda. Kyrkja hadde frå gamalt eit vakkert, forgylt relikvieskrin, som er teke vare på i Bergen Museum. I 2005 vart det laga ein kopi av skrinet, som kom på plass att i kapellet i 2006.

Dei to best best bevara relikviskrina her i landet er begge frå Valdres; Hedalen og St. Tomas. Hedalen har framleis originalen på plass i kyrkja. Mellom desse to kyrkjene vart det for eit par år sidan laga ein ny pilegrimsveg, som går innom dei fleste mellomalderkyrkjenen oppover Valdres-dalen. For andre år blir det i år arrangert ei åtte dagar lang vandring frå Hedalen til Filefjell (6.-14. juli). Vandringa går i statskyrkjeleg regi.

Valdres katolske forum / KI-Katolsk Informasjonstjeneste (Oslo) (18. april 2007)

av Webmaster publisert 18.04.2007, sist endret 18.04.2007 - 18:32