Valdres blir "St. Thomas kapelldistrikt"

Laurdag 11. august vart det halde nynorsk messe i Reinli stavkyrkje i Valdres. Frå venstre kapellan på Lillehammer (og Valdres), p. Fredrik Hansen, p. Arnfinn Haram OP, generalvikar og sokneadministrator Arne Kirsebom SS.CC. og p. Arne Fjeld OP.

 Se også:

Katolikkane i Valdres vedtok laurdag 11. august at det nye kapelldistriktet for Valdres bør heite St. Thomas kapelldistrikt. Biskop Bernt Eidsvig Can.Reg. har godkjent namnevalet.

Frå i dag av, den 15. august 2007, blir kommunane som utgjer Valdres-regionen (Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal) samla i St. Thomas kapelldistrikt og lagt under Mariakyrkja på Lillehammer. Dei fem vestlegaste av kommunane blir frå denne datoen dermed overførde frå St. Teresia menighet på Hønefoss til Lillehammer.

Det er helgentradisjonen rundt Thomas Becket (1118-1170), erkebiskop av Cantebury, som er årsak til at katolikkane i Valdres valde St. Thomas som namn på det nye kapelldistriktet. Det stod ei stavkyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell i Valdres, og ho var vigd til St. Thomas. Dette var ei lovekyrkje, og her heldt valfarten og sumarstemna fram heilt til kyrkja vart riven i 1808. Fyrst på 1970-talet vart ei ny, moderne og økumenisk innstifta St. Tomaskyrkje bygd på Filefjell.

St. Thomas vart drepen framfor eit av altara i domkyrkja i Cantebury 29. desember i 1170. Difor er dette hans minnedag, og med translasjonsfest 7. juli. Nær opptil denne dagen har det i seinare år vorte halde katolsk messe i St. Tomaskyrkja på Filefjell - 8. juli i år med biskop Bernt som celebrant. Eit av landets få bevara relikvieskrin er frå Tomas-kyrkja på Filefjell (no i Bergen museum). For eit par år sidan vart det laga ein kopi av skrinet, som no er på plass att i kyrkja på Filefjell.

Namnevalet vart gjort under stiftingsmøtet for det nye kapelldistriktet i Reinli stavkyrkje laurdag. Der vart nytt styre for kapelldistriktet også valt: Helge Gudheim (leiar), Ulnes, Shirani Jevne, Ryfoss, Christian Wilonja, Fagernes, Lars Knudsen, Fagernes, og Maria Lund, Fagernes. Same dag vart Valdres katolske forum, som har leia den katolske aktiviteten i Valdres sidan 2001, omforma og nytt styre vart valt: Laila Kaprud Kollum (leiar), Oslo, Per Kværne, Oslo, og Trine Lundstein, Etnedal. Valdres katolske forum er tilslutta Norske Kirkeakademier og held fram foredragsverksemda i katolsk regi i Valdres.

Katolikkane i Valdres valde også Helge Gudheim (med Kåre Jevne som vara) til OKBs pastoralråd, og Shirani Jevne (med Lars Knudsen som vara) som representantar til soknerådet på Lillehammer.

Etter stiftingsmøtet feira pater Arnfinn Haram OP messe i Reinli stavkyrkje med generalvikar og sokneadministrator Arne Kirsebom SS.CC, kapellan Fredrik Hansen og pater Arne Fjeld OP som concelebrantar. Det stod med andre ord fire prestar for altaret i Reinli stavkyrkje denne dagen, og om lag 50 personar var til stades under messa. Messa vart feira på nynorsk, som eit ledd i arbeidet med å omsetja den katolske liturgien til nynorsk.

Etterpå var det kyrkjekaffi og pater Arnfinn heldt eit foredrag om Ragnhild Foss som nynorsk salmeomsetjar og -gjendiktar.

av Webmaster publisert 15.08.2007, sist endret 15.08.2007 - 12:07