Seljumannamessen 2020s preken

Seljumannamesse på den hellige øya Selja 8. juli 2020

107443853_346110353046302_3272671641480742124_n.jpg

SELJUMANNAMESSEPREKEN 2020: «Det som starta som eit kall til eksil og bøn i felles einsemd vart til ei åndeleg kjelde som har gjeve voksekraft til trua heilt fram til i dag», sa p. Haavar Simon Nilsen O.P. i prekenen 8. juli 2020, Seljumannamessen. Foto: Ragnhild Odland Høen

 

Kjære pilegrimer, kjære truande,
kvar stein og kvart bygg her på Selja er eit tidsvitne og eit trusvitne som talar om kyrkja som har vore her i over tusen år. Me ser på det som noko naturleg og sjølvsagt. Men då Sunniva og Seljumennene kom til øya her langt tilbake i historia var det ikkje ved opptog med røykjelse og faner, ljos og prosesjonskross. Det var ikkje den triumferande kyrkja, tilfreds og mett på seg sjølv, som slo seg ned her i havgapet, sikker på siger og framgong.
 
Og det var heller ikkje den heroiske kyrkja som var motivasjon for Sunniva og hennar fylgjarar. Dei drøymde ikkje om å bli blodvitne til Guds ære på ei øy langs ein framand kyst. Det låg slett ikkje i deira åndelege kultur, og i den keltiske spiritualiteten finst det nær sagt ingen martyrar i form av det raude martyriet. Sunniva og Seljumennene er eit unntak i så måte.
 
Derimot brann dei for to andre slag martyrium: Det var det kvite og det grøne martyrium. Det kvite var oppbrotet, eksilet, pilegrimsvandringa med Kristus ut i ei framand verd. Og det grøne martyriet var det avskilte, stilla og einebuarlivet.
 
Dette var dei keltisk kristne sin fredsæle, men å så sterke, kraftfulle form for martyrdom, og med denne forankringa overgav dei seg til Kristus. Kanskje skal me dvele litt ekstra ved denne motivgrunnen for dei heilage me feirar i dag: oppbrotet og det avskilte, eksilet og stilla som fylgde dei som sitt kall. For det var desse radikale trusvisjonane som gav Sunniva og hennar fylgje retning og kraft.
 
Og alt dei var, og alle evner dei hadde, vart retta mot dette målet. Det var heller ikkje lite kompetanse dei bar med seg. Dei var dyktige på havet og kunne navigere på ope hav og langs farlege kyststrekk. Dei var driftige handverkarar som kunne reise ein heim med alt det inneber. Og dei var erfarne jordbrukarar og fiskarar som kunne livnære seg frå det som naturen kunne gje dei. Alt dette og meir til vart retta inn mot dette høgare målet: å ferdast med Jesus utover eiga komfortsone og inn i det stille nærværet av Herren sjølv.
 
Det er frå dette utgangspunktet at historia faldar seg ut. Staden for Noregs tidlegaste martyrar vart også Noregs fyrste bispesete (saman med Oslo og Nidaros) som drifta kyrkja i rundt hundre år. Biskop Bernt kallar det ein misjonsstasjon for kristentrua, hundre avgjerande år som vart byrjinga på tusen år med levande tru i vårt land, og som me som feirar Sunniva og hennar fylgjarar i dag sjølv er levande bevis for. Det som starta som eit kall til eksil og bøn i felles einsemd vart til ei åndeleg kjelde som har gjeve voksekraft til trua heilt fram til i dag.
 
Sunniva og Seljumennene er våre forbedarar i den himmelske, sigrande kyrkja, men dei er og våre førebilete for vår eigen tru. Sunniva kallar oss til å fylgje Kristus på den djupe pilegrimsreisa livet skjenker oss. Me skal søke vårt indre eksil og stilla, ikkje som flukt eller i eit aude landskap, men som utspring for alle gode frukter Jesus ynskjer å gje oss. I så måte kan me godt tenkje mindre på resultatet og meir på utgangspunktet. Fruktene i våre liv kjem i Guds tid. Så sant såkornet vert sådd. Med Sunniva og hennar fylgjesveinar som førebilete kan me forberede vårt indre jordsmonn for Guds kultivering ved å tre ut av dagleg støy og søkje «stille susings røyst» (1. Kongebok 19) saman med vår Herre. Då vert tilbaketrekkinga og møtet med indre einsemd ein hemmeleg stad for Guds virke til vekst og blomstring: Du har ein veg å gå med Gud, og Gud har eit verk å fullføre i deg.
 
Dagen i dag er soleis ikkje berre ei feiring av det som har vore. Det er også ei utsending til det som ventar oss der framme. Me òg har eit kvitt og eit grønt martyrium å leve ut i våre eigne liv, som me kanskje ikkje kan femne eller forstå omfanget av, men som Gud skal fullende etter sin plan. Så lat oss på denne dagen takke vår Herre, og samstundes sjå denne stunda som ei utsending for det som ligg framom oss.
Lat oss runde av med ei keltisk bøn kalla Velsigning ved reisestart:
 
Måtte vegen stige opp for å møte deg.
Måtte vinden alltid fylgje deg i ryggen.
Måtte sola alltid skine varmt på andletet ditt.
Regnet fell mjukt på åkrane dine.
Og til me møtest att, måtte Gud bere deg i sine hender.
 
 
Selja 8. juli 2020 
 
+ p. Haavar Simon Nilsen
 

20190708_131921144_iOS.jpeg

HELLIG ØY: Her bodde og ba benediktinermunkene i århundrer, her led St. Sunniva martyrdøden – og her samles katolske pilegrimer den 8. juli hvert år til messe, bønn og forening med Kristus, ved Kirkens arnested i Norge. Begge fotos: Ragnhild Helena Aadland Høen

 

 

Om seljumannamessen

  • Seljumannamesse feires 8. juli hvert år til minne om Norges første martyrer: Sankta Sunniva og Seljumennene.
  • Seljumannamesse er den eldste av de norske helgendagene. Festdagen var med i kristenretten som Hellig Olav fikk vedtatt på Moster i 1024. Sankta Sunniva er «patrona Norvegiae», skytshelgen for Norge, og seljumannamesse ble og blir feiret over hele Norge.
  • Festdagen er nevnt i de eldste utgavene av både Gulatingsloven (fra 1020), Frostatingsloven og Eidsivatingsloven.

 

Les mer