Mandag 19. september: Boklansering på Litteraturhuset

 

Møt diktaren på Litteraturhuset, Oslo

303651776_511426120983402_8141211218946813893_n.jpg

 

Mandag 19. september lanserer St. Olav forlag  dominikanarpateren Paul Murray sine diktsamlingar «The Absent Fountain» (1992) og «These Black Stars» (2013) kl. 19.00 på Litteraturhuset, Oslo. 

 

NYE DIKT:  Paul Murrays
«Sei oss, diktar» på St. Olav forlag. 

v02_AAB84D59D5AE481CB59F5688BC6F6A1A-1-600x848.pngDen irske dominikanarpateren Paul Murray er ein høgt akta forfattar av både faglitteratur og poesi. Dikta hans, som er omsette til ei mengde språk, er prega av beskjedne ord og enkle bilete som likevel formidlar bråe djup og stor tyngde. Dei handlar ofte om nære, kvardagslege fenomen, om menneskelivet slik vi har det felles, under ein høg himmel ved eit endelaust hav. Ut frå dette får dikta uvanlege, stundom mystiske, vinklingar på kristen tru og openberring.

 

Diktsamlingane «The Absent Fountain» (1992) og «These Black Stars» (2013), som for fyrste gong no kjem i norsk gjendikting ved ingen ringare enn Knut Ødegård, er blant Murrays mest etterspurde bøker. Her tek dominikanarpateren oss med på ei reise gjennom eit enkelt landskap som likevel har si heilt særeigne atmos­fære av mystikk. Samstundes gjev dikta lesaren tid og rom til å kjenna att si eiga indre verd. Den irskfødde diktaren dreg oss inn i ei utforsking av minne og attrå, av tap og indre myrker, av sår og draumar, av bøn og lengt etter gudsnærværet.

 

Program

Øystein Lund:
Ein kort introduksjon av diktaren

Paul Murray:
«Kva har Gud med poesien å gjere?»

Knut Ødegård les eit utval dikt

Brendan Monaghan speler tradisjonell irsk sekkepipe og fløyte.

 

Mer om deltagerne

Paul Brendan Murray er fødd i Irland i 1947. Alt som nittenåring gjekk han inn i dominikanar­ordenen, der han seinare vart vigd til katolsk prest. Han tok sin doktorgrad i engelsk litteratur ved University College, Dublin. Sidan 1994 har han budd i Roma, der han underviser i kristen, mystisk litteratur ved det pavelege universitetet Angelicum.

 

Knut Ødegård er fødd i Molde i 1945. Han debuterte som lyrikar i 1967. Sidan har han gjeve ut ei lang rad bøker: diktsamlingar, romanar, barnebøker og fagbøker. Han er òg aktiv som gjendiktar, m.a. eit ruvande firebands verk med eddadikta. Diktsamlingane hans er komne på 42 språk, noko som gjer han til den mest omsette nolevande norske lyrikaren. Han vart statsstipendiat i 1989 og har motteke ei rekkje høgthengande norske og utanlandske prisar og ordenar.

 

Brendan Monaghan er irsk musikar basert i Oslo, og reknast som ein mester innan formidling av irsk tradisjonsmusikk. Han speler "Builleann pipes" ("albuepiper", irsk sekkepipe), fløyter, gitar og bodhran (tradisjonelt slagverkinstrument).

 

Øystein Lund er katolsk prest og ven og kjennar av Paul Murray og hans forfatterskap.