Skapt i Guds ikon

Av Solrun Nes. Artikkelen er hentet fra St. Paul menighetsblad nummer 5/98.


I forbindelse med lanseringen av boken MYSTERIETS FORMSPRÅK, på Fagbokforlaget/Alma Mater, skrev Solrunn Nes denne artikken om ikonkunst for menighetsbladet i St. Paul i Bergen. Hun er utdannet kunsthistoriker og ikonmaler. I 1991 malte hun tavlekorset, frontalen og lesepultene som utsmykker koret i St. Paul kirke.

I tradisjonelt ortodokse land som Hellas og Russland er dei heilage bileta - ikonane - uttrykk for ein århundrelang kyrkjeleg praksis. Blant ortodokse kristne er ikonkunsten ein integrert del av både gudstenestelivet og det personlege andaktslivet.

Katolikkar med bysantinsk ritus i Ukraina, Midtausten og Nord-Afrika er meir fortrulege med ikonkunsten enn katolikkar i den vestlege verda. Men interessa for denne særeigne sakrale kunsten er aukande blant kristne med ulik kyrkjeleg bakgrunn. Også mange menneske utan ei bestemt religiøs tilknyting kjenner seg tiltrekt av ikonane - gjerne på grunn av den estetiske uttrykkskrafta dei representerer.

Det var rapporten om kor vakre gudstenester grekarane feira som gjorde utslaget då fyrst Vladimir av Kiev i 988 valde den ortodokse kristendomsforma for landet sitt. Det som er vakkert appellerer til djupe nivå i menneskesinnet. Kurerane som hadde vore til stades under ei gudsteneste i Hagia Sofia i Konstantinopel, kom tilbake og fortalde korleis mosaikkane, songen, røykelsen, ja, heile atmosfæren i dette veldige tempelet hadde gjort inntrykk på dei: «Vi visste ikkje om vi var i himmelen eller på jorda. Ein slik herlegdom og venleik finst ikkje nokon stad på jorda; vi kan ikkje skildra det. Vi visste berre at der er Gud midt blant menneska.»

Ikon til restaurering

Det greske ordet ikon tyder bilete. Då Gud skapte mennesket, skapte han det i sitt bilete - i sitt ikon. Denne formuleringa seier noko om at mennesket, i kraft av å vera ein avglans av Guds eige vesen, har ein eineståande stilling og verdi. Fornuft, vilje og evnen til å elska er døme på menneskelege eigenskapar med guddommeleg opphav. Men dette vakre ikonet som mennesket er, vart formørka i og med syndefallet. Det strålande gullet og dei sterke, lysande fargane vart dekka av lag på lag med feilsteg i «tankar, ord og gjerningar». Berre Guds fullkomne ikon - Kristus sjølv - kan restaurera dette tilsmussa biletet. Paulus seier om Kristus at «han er bilete (ikon) av den usynlege Gud» (Kol 1, 15). Ifylgje denne ikonteologien kan frelse forklarast som ein restaureringsprosess der mennesket vinn tibake sin tapte herlegdom.

Polens Dronning

Eit bysantinsk ikon av Maria med Jesusbarnet, kjent under namnet Den svarte Madonna, har ein unik posisjon som åndeleg og historisk samlingspunkt for polske katolikkar. Det greske tittelen på dette motivet - Guds Mor Hodegetria - kan omsetjast med vegvisar eller guide, og refererer til den spesielle handstillinga som Maria har. Ho held barnet på sin venstre arm og viser til han med høgre hand. Maria har eit mildt, sørgmodig andlet. Ho mediterer over inkarnasjonens mysterium - dette uforståelege at Gud var menneske gjennom henne. Blikket verkar innovervendt, men det søkjer også utover mot dei som ser på henne og barnet. Maria held vernande rundt sonen sin samtidig som ho presenterer gudmennesket for verda. Jesusbarnet set ut som ein vaksen i miniatyr. Han er både sårbart menneske og allmektig Gud, både Jesus og Kristus. Han held ei bok i venstre hand og velsignar med den høgre. Ikonet får fram mange ulike aspekt ved forholdet mellom Maria og barnet som innbyr tilskodaren til fordjuping og refleksjon. Maria er både ei ung jødisk mor, opphøgd Gudføderske (Teotokos), Kyrkja si Mor og Polens Dronning. Den svarte Madonna i Czestochowa er såleis eit godt døme på korleis eit sakralt bilete kan fungera som åndeleg fokus for eit heilt folk. Olavsskrinet i Nidarosdomen har hatt ein liknande funksjon for nordmenn i mellomalderen.

Regelbunden kunst

Ikonkunsten er ein regelbunden kunst både i form og innhald. Ettersom ikonet er eit visuelt uttrykk for det kyrkja lærer verbalt, arbeider malaren i samsvar med autoriserte modellar. Slik vert gjenkjenning og kontinuitet sikra. Eit påfallande trekk ved ikonkunsten er nettopp at formspråket har endra seg så lite på mange hundre år. Men eit tradisjonelt motiv kan utførast i mange variantar og vil alltid bera preg av handlaget til den enkelte malaren.

Ord og bilete

Både eit vennlegare økumenisk klima og meir reising blant folk flest har ført til at ikonkunsten er blitt meir kjent - også i vårt land. Ei djupare årsak kan vera erkjenninga av at trua treng eit konkret, sansbart uttrykk.

Kyrkja har arbeidt kontinuerleg i 2000 år for å gje den kristne bodskapen ei sann og aktuell form i takt med vekslande tider og behov. Utkrystalliseringa av dogmene avspeglar behovet for å markera kva Kyrkja trur - og ikkje trur. Men ettersom mysteriet unndreg seg forklaring, kan dogmene aldri gje eit dekkande framstilling av det kristne trusinnhaldet.

Som kjent har biletkunsten - tilliks med arkitekturen og liturgien - utvikla seg ulikt i Aust- og Vestkyrkja. Årsakene til dette er mange og kompliserte. Når nettopp ikonkunsten har fått ein så sentral posisjon i den ortodokse kyrkja, er det fordi ikonane vert forstått som autoritative, visuelle uttrykk for den ortodokse (den rette) læra. Ikonane vert tilkjent kanonisk status i den grad dei samsvarar med Skrifta og Tradisjonen. Synssansen er likestilt med høyrselssansen Trua kan formidlast både ved hjelp av ord og bilete. Teologien og ikonografien utfyller kvarandre. Den store kyrkjelæraren og ikonforsvararen Johannes av Damaskus (ca 675 - 749) hevdar at «slik ord oppbyggjer øyra, slik stimulerer biletet auga».

Ikonoklasmen

Under den bysantinske biletstriden (ikonoklasmen) på 700-talet utarbeider Johannes av Damaskus ein eigen ikonteologi der han tilbakeviser argumenta til biletstormarane punkt for punkt.

Dei mest alvorlege innvendingane mot den figurative kunsten er biletforbodet i Det gamle testamentet og faren for avgudsdyrking. Det strenge mosaiske biletforbodet har bakgrunn i ei gudsfortåing som både jødar og kristne har felles - nemleg at Gud er absolutt suveren overfor skaparverket. Sidan Gud er transcendent og usynleg er han også utilgjengeleg og ubeskriveleg - fylgjeleg kan han heller ikkje avbildast. Alle freistnader på å gje den usynlege Gud ei form vil mislukkast i utgangspunktet. Ei slik form er eit falsum og ein reduksjon av Guds majestet. Johannes av Damaskus understrekar dette poenget når han skriv at «dersom nokon skulle våga å laga eit biletet av den immaterielle, lekamslause, usynlege, formlause og fargelause guddommen, avviser vi det som falskt».

Inkarnasjonen

Gud vil alltid vera større enn det nokon kan tenkja ut. Difor er mennesket avhengig av at Gud sjølv røper kven han er. Og det gjer han i og med inkarnasjonens mysterium. Då Gud let seg føda som eit lite barn, let han seg frivillig avgrensa i tid og rom og gjorde seg sansbar - fylgjeleg kan han også avbildast. I sitt forsvar for ikonane peikar Johannes av Damaskus på at Kristi kome til jord skaper ein heilt ny situasjon som gjer det både legitimt, ynskjeleg og prisverdig å laga bilete av den inkarnerte Gud: «Difor teiknar eg modig eit bilete av den usynlege Gud, ikkje som usynleg, men som ein som har vorte synleg for vår skuld ved å ta del i kjøt og blod.»

Når ikonforkjemparane vert skulda for avgudsdyrking, svarar Johannes ved å visa til ei utsegn av kyrkjelæraren Basilios den Store: «Heideren gjeven til biletet vert overført til prototypen.» Eit ikon av Kristus er heilagt i kraft av at det viser til Kristi person - han som er opphavet til alt heilagt. Guds Mor Maria og helgenane får sin glans frå denne guddommelege lyskjelda. Gjennom sitt heilage liv viser dei tilbake til han som er fullkomen sann, god og vakker. Difor er det rett å visa ikonane heider, medan tilbeding berre tilkjem Gud.

Eit ikon er ein materiell gjenstand som refererer til ein åndeleg realitet. Men som alt anna, kan også eit ikon misforståast eller misbrukast. Ikonet kan reduserast til å verta eit investeringsobjekt eller inngå som eit estetisk objekt på linje med andre vakre gjenstandar. Dersom ikonet vert oppfatta som berre interessant i seg sjølv, eller vert tillagt magiske eigenskapar, misser det sin symbolfunksjon og står i fare for å verta eit idol (ein avgud) istaden.

Materien

Kampen for ikonane er også ein kamp for andre grunnleggjande sider ved den kristne trua. Ikonstriden avspeglar ulike syn på materien - og dermed også på skaparverket, inkarnasjonen, sakramenta og den lekamlege oppstoda. Tendensen til å setja det åndelege opp mot det materielle vert sterkt imøtegått av Johannes. Inkarnasjonen er det fremste dømet på at Gud brukar materien når han meddeler seg til menneska. Sakramenta er materielle teikn som vidarefører Guds nedstiging i materien. Eit ikon er ikkje eit sakrament, men det har sakramentale eigenskapar ettersom det er ein materiell gjenstand som formidlar åndelege sanningar: Johannes av Damaskus uttrykkjer denne tanken slik: «Eg tilber ikkje materien; eg tilber materiens Skapar som vart materie for mi skuld, som ville ta bustad i materien, som fremja mi frelse gjennom materien.»

Mikrokosmos

I den ortodokse kyrkja er ikonkunsten ein integrert del av gudstenestelivet. Sjølve liturgien er å forstå som eit ikon av den himmelske liturgien og den forrettande presten er eit ikon av Øvstepresten Kristus som gjer presteteneste i himmelen.

Kyrkja er eit stort tredimensjonalt ikon - eit mikrokosmos utforma som eit hierarkisk ordna univers. Ei fullt utsmykka ortodoks kyrkje er dekorert frå kuppelen og nedover mot golvet med veggmaleri eller mosaikkar. Øvst oppe i kuppelen tronar Kristus Pantokrator - Allherskaren. Der er som om universets Herre ser ned på kyrkjelyden frå himmelen.Han er innskriven i ein sirkel og omgjeven av englar. I trommelen er gjerne profetar avbilda, medan dei fire evangelistane er plasserte i dei fire felta som dannar overgangen til veggene. Der finn vi 12 ulike scenar frå Jesu liv som tilsvarar det største festane i løpet av kyrkjeåret. Dersom plassen tillet det, kan motiv frå Marias liv eller framstillingar av helgenar opptre lenger nede. Den figurative utsmykkinga sluttar i skulderhøgd. Slik vert det tydeleg at dei nolevande menneska - som sjølve er «ikonar» - vert del av eit fellesskap som sprengjer tid og rom når dei stig inn i kyrkja.

Skiljet mellom koret og skipet er markert av ein biletvegg - ein ikonostase - som inneheld fleire rekkjer med nøye utarbeidde motiv.

Åndeleg fokuseringspunkt

Mange har erfart kor verdfullt eit fotografi kan vera ved tapet av ein kjær person. Fotografiet minner om den avdøde og gjer vedkomande i ein viss forstand nærverande. Eit ikon har også denne påminningsfunksjonen, og det eignar seg godt som meditasjonsbilete. Kristi andlet kan vera ei hjelp til å fokusera på det viktigaste i det åndelege livet.Ved hjelp av formale verkemidlar som gullbakgrunn, frontalitet, rangperspektiv og omvendt perspektiv skal ikonet minna om eit guddommeleg nærvær.

Gullet symboliserer det strålande lyset som spring fram frå Guds eige vesen. Kristus, Maria og dei heilage er gjennomtrengt av dette lyset. Kristus omtalar seg sjølv som «verdens lys», og Gud vert kalla «lysets Far». Lyset kjem alltid innanfrå på eit ikon, difor har det ingen slagskuggar.

Frontalitet og blikkontakt indikerer nærvær. Det å vera heilt og fullt til stades i noet er ein guddommeleg eigenskap som ofte vert avspegla i måten den heilage personen framstår på.

Rangperspektiv vil seia at den viktigaste personen i biletet er sentralt plassert og overdriven stor i forhold til bipersonane. I eit ikon av Jesu fødsel kan Jesusbarnet verka merkeleg langt utvikla til å vera ein nyfødd baby! Og Maria er gjerne dobbelt så stor som Josef.

Omvendt perspektiv er eit anna verkemiddel som understrekar at den avbilda personen tilhøyrer Guds rike - ein dimensjon som er fullkomen og uendeleg. Dei skrånande linjene kjem utanfrå, frå eit uendeleg rom bak den avbilda personen. Perspektivlinjene møtest dermed hos tilskodaren og ikkje på sjølve biletflata slik tilfellet er i eit foto eller eit naturalistisk maleri. Tilskodaren kontrollerer ikkje den verda han ser inn i, men opplever sjølv å bli møtt og sett på.

av Webmaster publisert 23.04.1999, sist endret 18.11.2013 - 11:53