Paven vil halde fram med å møte kardinalkollegiet

 Se også:

Måndag denne veka møtte pave Bendikt XVI dei 15 nykreerte kardinalane, familiane deira og ein skare pilegrimar i Paul VIs sal (audienssalen) i Vatikanet. Paven helsa dei frammøtte på italiensk, engelsk, fransk, spansk, slovensk og polsk - språka til dei nye kardinalane, melder Vatikanet si informasjonsteneste.

Paven hadde ei særskild helsing til kvar av dei nykreerte kardinalane, der han takka for kva dei hadde gjort for Kyrkja og dei truande, samstundes som han lova forbøn for deira vidare virke i Kyrkja.

Paven talte til dei nye kardinalane om kor naudsynt han følte det var med deira støtte og samarbeid. Han la til at "møta mellom heile kardinalkollegiet og Peter sin etterfølgjar, slik vi hadde det sist torsdag, skal halde fram som priviligerte stunder der vi saman leiter etter korleis vi best kan tene Kyrkja som Kristus har overgjeve i vår varetekt"

VIS (30. mars 2006)

av Webmaster publisert 30.03.2006, sist endret 30.03.2006 - 11:25