Kardinal Danneels uttaler seg om kondombruk

Å gjera bruk av kondom kan syne seg å representere eit mindre vonde dersom det kan redde nokon frå ein dødeleg sjukdom som til dømes AIDS, uttalar kardinalen av Brüssel, Godfried Danneels.

Den belgiske kardinalen sa at dersom ein HIV-positiv mann ynskjer å ha seksuell omgang med kona si "så bør ho be ham om å bruke kondom. Dersom paret ikkje bruker kondom gjer dei jo seg skuldige i ei større synd, nemleg drap", held kardinalen fram.

Den katolske kyrkja avviser bruk av kondom som eit middel for å forhindra spreiing av HIV, viruset som kan føra til AIDS. Det sørlege Afrika er det området i verda som i verst grad er ramma av sjukdomen.

Kardinal Danneels sa til eit belgisk tidsskrift at "bruk av kondom, når det skjer for å redda liv, er ei sak som har implikasjonar utover ei reint seksuell ramme." Kardinalen kom med ei tilsvarande utsegn i eit fjernsynsintervju i januar 2004.

Andre katolske kyrkjeleiarar som meiner at ein lyt få ei viss opning for bruk av kondom i kampen mot HIV er kardinal Georges Cottier, som gjer teneste som teolog ved Vatikanet, kardinal Christian Tumi av Douala i Kamerun, erkebiskop Bonface Lele av Mombasa i Kenya samt biskopen i sørafrikanske Rustenburg, Kevin Dowling.

Catholic Information Service for Africa (CISA) (3. april 2006)

av Webmaster publisert 03.04.2006, sist endret 03.04.2006 - 12:27