Markering av eitårsminnet for Johannes Pauls bortgang

 Se også:

Millionar av kristne over heile verda mintes på sundag pave Johannes Paul II, som døydde for eit år sidan. Ein reknar med at det berre til Roma kom fleire hundre tusen pilegrimar. Pave Johannes Paul II døydde 2. april i fjor i ein alder av 84 år.

Under angelusbøna på Petersplassen hylla pave Benedikt XVI forgjengaren sin. Paven sa at Johannes Paul II hadde etterlatt seg djupe spor både i kyrkjas historie og blant menneske. Paven vart mange gonger avbroten av applaus. Paven haldt fram med å seie at Johannes Pauls vitnesbyrd kunne verte samanfatta i fylgjande bodskap, som var det fyrste han gav til folket som pave:

"Opne opp portane på vidt gap for Kristus!"

Allereie tidleg sundags morgon kom Italias president, Carlo Azeglio Ciampi, til krypta under Peterskyrkja for å be ved Johannes Paul si grav. President Ciampi stod Johannes Paul personleg nært; dei var begge fødde i 1920. Allereie dagen før, på laurdag, hadde titusenvis av pilegrimar kome til Johannes Pauls grav i Peterskyrkja.

I Polen vart det gjennomført konsertar og andre aktivitetar for å minnast Johannes Paul, samtundes som han vart tema for preikene i mange kyrkjer. På det nøyaktige tidspunktet for då han døydde eit år før, klokka 21.37, vart det ringt med kyrkjeklokker over heile Polen.

Under ei messefering ved Lagiewniki utanfor Krakow, der fleire titusen deltok, oppfordra kardinal Stanislaw Dziwisz til forsoning og semje mellom folk. Den polske kardinalen, som tidlegare var privatsekretær for Johannes Paul II, refererte til den tidlegare pavens ord om at eit folk som vil vere fritt må vere prega av mellommenneskeleg kjærleik.

Under messefeiringa ved Lagiewniki, som fann stad under open himmel, deltok også Polens president Lech Kaczynski og Polens statsminister Kazimierz Marcinkiewicz. Over heile Krakow vart det flagga i polske fargar, og i Vatikanet sine fargar. Johannes Paul var erkebiskop i Krakow før han vart vald til pave i 1978.

I hovudstaden Warszawa feira den polske primas, kardinal Józef Glemp, på kvelden messe på den plassen der Johannes Paul på si fyrste pavereise til Polen i 1979 oppmoda polakkane til å hevde sine interesser i møte med det kommunistiske diktaturet.

Kathpress (4. april 2006)

av Webmaster publisert 04.04.2006, sist endret 04.04.2006 - 11:24