Kyrkjeleiarar med appell til Israels regjering

Dei kristne kyrkjene i Det heilage landet har åtvara den komande israelske regjeringa mot einsidig fastsetjing av landegrensa mellom Israel og dei palestinske sjølvstyreområda. Dei kristne kyrkjene er redde for at ei slik einsidig grensefastsetjing vil kunne gjere det vanskeleg å oppnå målet om fredeleg sameksistens mellom isralearar og palestinarar. I oppropet vert det også åtvara mot å ignorere palestinaranes folkevalde politiske leiarskap. Oppropet frå gruppa av patrikarkar og biskopar vart offentleggjort i Jerusalem den 29. mars.

I oppropet heiter det vidare at det nyleg gjennomførte parlamentsvalet i Israel ikkje bidrar til ei løysing på konflikten. Kyrkjeleiarane hevdar imidlertid at den nye israelske regjeringa har reelt handlingsrom til å velje mellom to ulike politiske alternativ: Anten kan ein vidareutvikle fredsprosessen, eller så kan ein bidra til ei eskalering av den pågåande konflikten. Kyrkjeleiarane oppmodar den israelske regjeringa til å demonstrere klokskap og politisk førarskap gjennom å gå inn for ei vidareutvikling av fredsprosessen.

Same dag som oppropet vart kjent, gjekk den nye palestinske Hamas-regjeringa ut med ei fråsegn der dei erklærer at den palestinske regjeringa ikkje ynskjer å vere med på direkte møte med Israels regjering.

Kyrkjeleiarane minner i oppropet om at både israelarar og palestinarar primært ynskjer å leve saman i fred. På denne bakgrunnen oppmodar dei det internasjonale samfunnet til å leggje press på Israel, for å unngå at landet slår inn på ein kortsiktig politikk som vil verke kontraproduktiv sett oppimot målsetjinga om varig fred. Kyrkeleiarane minner om at det er Israel som er den primære premissleverandøren for den langsiktige utviklinga i området.

Kyrkjeleiarane erklærer avslutningsvis at dei kristne kyrkjene vil gjere alt som står i deira makt for å bidra til fred, rettferd og tryggleik i området, og uttrykker von om at muslimske og jødiske religiøse leiararar vil arbeide utifrå ei tilsvarande målsetjing.

Kathpress (4. april 2006)

av Webmaster publisert 04.04.2006, sist endret 04.04.2006 - 14:45