Paven vitjar Maria-heilagdomen "Divino Amore"

Pave Benedikt XVI vil den 1. mai vitje Maria-heilagdomen "Divino Amore" som ligg i utkanten av Roma. Som opptakt til Maria-månaden kjem han der til å be rosenkransen, meddelte det apostoliske prefekturet på måndag. I samband med dette vil han også vitje pilegrimssenteret som vart etablert på staden i 1999. Paven kjem til staden seint på ettermiddagen med helikopter, og returnerar til Vatikanet to timar seinare.

Maria-heilagdomen, som ligg like ved "Via Appia", ein veg frå romartida, skriv seg frå ei Maria-openbaring i 1740. I fylgje tradisjonen redda Maria då ein pilegrim som vart angripen av ville hundar. Snart vart det på staden bygd ei lita kyrkje rundt eit Maria-bilete. Denne kyrkja med sitt Maria-bilete kom til å verte eit mykje nytta pilgrimsmål for Romas befolkning.

Bygginga av dagens basilika skriv seg frå 2. verdskrigen. Som ei fylgje av våpenkvila som den 8. september 1943 vart inngått mellom Italia og dei allierte, valde tyske styrkar å okkupere Italia. For å framskynde frigjeringa av Roma, kom ei gruppe personar saman i kyrkja Sant' Ignazio i sentrum av Roma, der Maria-biletet hadde vorte brakt i trygg forvaring. Gruppa avla lovnad om å arbeide for trus- og livsmesseg fornying, samstundes som dei forplikta seg til å byggje ei ny pilegrimskyrkje ved "Divino Amore". Dei avla også lovnad om å setje i gang organisering av velferdsretta tiltak i samband med dette. Same dagen kom så Romas mirakuløse frigjering frå okkupasjonen. Den 11. juni 1944 drog pave Pius XII som pilegrim til "Divino Amore" og gav Maria-biletet "Madonna del Divino Amore" tittelen "Romas redningskvinne".

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (27. april 2006)

av Webmaster publisert 27.04.2006, sist endret 27.04.2006 - 11:39