Konkordatsavtale mellom Bosnia-Hercegovina og Den Heilage Stol

Bosnia-Hercegovina og Den Heilage Stol har inngått ein konkordatsavtale. Avtalen vart underteikna av den kroatiske representanten i det bosniske presidentskapet, Ivo Miro Jovic, og Den Heilage Stolens nuntius, Alessandro D'Errico. Avtalen regulerer mellom anna gudshusas status som verna, kyrkjelege bygningar. Avtalen omfattar også retningsliner for attendelevering av kyrkjeleg eigedom som vart konfiskert av Titos kommunistiske regime etter 1945. Dei konfiskerte eigedomane skal verte leverte attande over ein tiårsperiode fram mot 2016. Avtalen stadfestar dessutan kyrkjas rett til å drive eigne utdanningsinstitusjonar, og regulerer den katolske religionsundervisninga i dei offentlege skulane.

"Avtalen er viktig for Bosnia-Hercegovina, av di den bidrar til å stadfesta religionsfridomen i landet" uttalar preseidentskapsrepresentanten Jovic i ein kommentar. Bosnia-Hercegovina ynskjer å stø opp om religiøs toleranse samt å sikre dei religiøse rettane til alle borgarar i landet. I dag er 15% av innbyggjarane i Bosnia-Hercegovina katolikkar; før 1992 var talet langt høgare. Jovic synte til at Bosnia-Hercegovina allereie hadde inngått tilsvarande avtalar med den serbisk-ortodokse kyrkja samt med det islamske samfunn i landet.

Nuntius Alessandro d'Errico karakteriserte relasjonane mellom Vatikanet og Sarajevo som eksemplariske. Han la vekt på at avtalen representerer ei statleg anerkjenning av Bosnias katolske befolkning. Han sa også at avtalen speler ei viktig rolle både på det sosiale, kulturelle og utdanningsmessigge område.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (27. april 2006)

av Webmaster publisert 27.04.2006, sist endret 27.04.2006 - 13:37