Skribent seier at Benedikt XVI vil gjere kyrkja mindre pavefokusert

"Joseph Ratzinger vil gjera kyrkja mindre pavefokusert. Den personlege utstrålinga til Karol Wojtyla førte til at heile kyrkja vart identifisert med eit menneske". Denne utsegna, som skriv seg frå den katolske skribenten Vittorio Messori, har skapt ein heftig diskusjon. I ei meiningsytring i den store italienske dagsavisa "Corriere della Serra" understrekte Messori at det er pavedømet som er viktig for kyrkja, og ikkje den einskilde pave. Heilt ordrett sa Messori: "Det som teller, er ikkje namnet, den personlege karakteren eller livshistoria til den som vert kalt til Petrus-tenesta". Gjennom denne tenesta dreier det seg "til tidenes ende" om ein teneste som vikar.

"Det eineståande tilfelle Karol Wojtyla representerte, hans fascinerande livshistorie og hans heilaggjorte utstråling representerte ei veldig tiltrekningskraft for mediene, og gjer det framleis" haldt Messori fram. Messori la samstundes vekt på at det ikkje var Johannes Paul II si skuld at det vart slik, forklaringa på dette låg heller i den tidlegare pavens "storleik". Den sterke utstrålinga til Johannes Paul II medførte imidlertid ei overfokusering i mediene, som visse katolikkar hadde gledje av, og då spesielt slike som ikkje har ei rett forståing av den kristne truas dynamikk.

Joseph Ratzinger var i eit kvart århundre denne truas "strenge voktar". Fylgjeleg gjorde han allereie i sitt fyrste år som pave alt for å unngå overfokusering av sin eigen person i mediene. Den nye paven har gått inn for å halde ein låg personleg profil, for å halde seg noko tilbake og for å opptre nøkternt.

For Benedikt XVI dreier det seg fylgjeleg ikkje om å markere noko motsetningsforhold til sin "høgt elska og høgt æra" forgjengar, men om å redusera ei stor fare som representerte eit trugsmål for pave Johannes Paul II. Denne faren består i at paven vert omgjort til ei mediestjerne; ei rolle som ikkje kan verte foreint med rolla som "Guds tenars tenar".

"Dagens samfunn, som er prega av underhaldningsindustrien, vil gjene handsame paven på samme måte som ein handsamar viktige politikarar og kjendisar", held Messori fram. "Dette representerer ei stor fåre, då det kan oppstå eit sterkare fokus på den einskilde pavens personlegdom enn på den viktige religiøse funksjonen som pavedømet representerer". Det kan i verste fall gå så langt at ein ikkje ser pavens rolle som Kristi stedfortreder, men at ein i staden opplev eit einsidig fokus på pavens "personlege karakter, personlege smak, personlege merittar; ja, sogar på pavens utsjånad og på hans fritidssysler". Messori hevdar vidare at ein "original eller kreativ pave" representerer ei sjølvmotseiing, og at ein person med slike karakteristika jo ville ha vore uverdig til å fungere som voktar av kyrkjas enkle tru.

Messori minner om at kyrkja kombinerer tre ulike styreformar: monarki, oligarki og demokrati. Den fyrste Peters etterfylgjar, den heilage pave Linus, var ein frigjeven slave, og fleire av dei seinare pavane kom frå fattige bonde- og handverkarfamiliar. I dette ser ein kyrkjas radikale demokratiske karakter, medan sjølve pavevalet har oligarkisk karakter, i det kardinalskollegiet skal fungere som eit instrument for Den Heilage Ande. Det er stor skilnad på ei slik utvelging, og den utvelging som fører fram mot høge politiske posisjonar, der det jo er den einskilde kandidats evner og anlegg som vil vare utslagsgjevande.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (27. april 2006)

av Webmaster publisert 27.04.2006, sist endret 27.04.2006 - 17:08