Fransk kardinal kritiserer framlegg til ny innvandringslov

Kardinal Philippe Barbarin

Kyrkjene retter stadig sterkare kritikk mot den planlagde nye franske innvandringslova. Erkebiskopen av Lyon, som samstundes er "primas av Gallia", kardinal Philippe Barbarin, sa at eit konsept som går ut på at berre "inviterte" innvandrarar skal få koma til landet, medan alle andre skal verte avviste på grensa, må reknast som "absolutt ikkje kristelig". "Eit system som berre ynskjer ressurssterke innvandrarar velkomen representerer eit angrep på menneskeverdet," haldt kardinalen fram.

Kardinal Barbarin åtvara også mot faren for at ei slik lov kan bidra til hjerneflukt frå utviklingsland. Erkebiskopen vektla at sjølv om staten er i sin fulle rett til å ha styring med innvandringa, så må ikkje dette skje på ein måte som ignorerer menneskeverdet.

Allereie før kardinal Barbarin kom med utspelet sitt så hadde biskop Olivier de Barranger retta kritikk mot innanriksminister Nicolas Sarkozy. "Sarkozy sine utsegner verkar fornærmande på folk" uttalte biskopen, etter at Sarkozy hadde sagt at Frankrike må koma bort frå ei innvandring som landet "lir under" og i stadet få fatt på "utvalde" innvandrarar.

Dei kristne kyrkjesamfunna i Frankrike samt 50 ulike kristne organisasjonar gjekk førre veka ut med åtvaringar mot den nye politikken. Statminister Dominique de Villepin vil på laurdag ta imot formannen i den franske katolske bispekonferansen, kardinal Jean-Pierre Ricard, og presidenten i den protestantiske føderasjon i Frankrike, Jean-Arnold de Clermont, til samtalar rundt den nye innvandringslova. Også Sarkozy uttalte at han var viljug til å diskutera lovverket på "visse punkt".

Som "spesielt urettferdig" omtalar kyrkjeleiarane planane om at høgt kvalifiserte innvandrarar skal verte prioriterte i køen foran mindre kvalifiserte innvandrarar.

Ei av dei nye reglane i den nye innvandringslova går ut på at innvandrarar som har gifta seg med franskmenn fyrst etter 3 år vil kunne få opphaldsløyve for 10 år.

Dei kristne organisasjonane har forstått det slik at det i framtida normalt berre vil verte gjeve ettårege opphaldsløyver til innvandrarar. Ei slik innstramming vil gjere det vanskelegare for innvandrarar å få jobb eller bustad.

KI/KAP (KathPress/Katolsk Informasjonstjeneste) (2. mai 2006)

av Webmaster publisert 02.05.2006, sist endret 02.05.2006 - 12:35