Kardinal Cormac Murphy-O´Connor oppfordrar landsmenn til å ynskje innvandrarar velkomne

Den britiske kardinalen Cormac Murphy-O´Connor har oppfordra landsmenna sine til å ynskje innvandrarar velkomne.

"I denne samanhengen bør ein ikkje gjere nokon skilnad mellom legale og illegale innvandrarar", sa erkebiskopen av Westminster i ein kronikk i den katolske vekeavisa "The Tablet".

"Kyrkja kan korkje støtte opp om eller oppmuntre til illegal innvandring. Evangeliet sitt utvetydige påbod er imidlertid at me har plikt til å hjelpe framande som er i naud."

Kardinalen oppfordra kyrkjelydane til å vere merksame på dei framande sine behov. Innvandrarane må hjelpast i sitt strev etter å oppnå rettferdige tilhøve og eit betre liv.

Kardinalen minna også om at det blant hundretusenvis av innvandrarar også finst mange katolikkar; til dømes frå Kroatia, Polen, Spania og Vietnam. Kardinalen åtvara samstundes mot at ein etabalerar "parallellkyrkjer" for ulike nasjonale grupper. I samband med dette synte han til at kyrkja ikkje er britisk, skotsk eller svart, men at ho er katolsk.

The Tablet (4. mai 2006)

av Webmaster publisert 04.05.2006, sist endret 04.05.2006 - 10:34