Pave Benedikt XVI fascinerer mange menneske

"Pave Benedikt XVI fascinerer mange menneske og skaper tillit", uttalar den tyske trendforskaren og religionsvitaren professor Norbert Bolz i eit intervju med det tyske katolske telegrambyrået KNA. "Gjennom sin urokkelege dogmatiske ståstad representerer paven eit fast orienteringspunkt," seier han.

Også ikkjetruande er i fylgje professoren fascinert av paven, av di han er klar i sin bodskap og av di han opererer uavhengig av tidsanda. "I motsetnad til den protestantiske kyrkja freistar ikkje den katolske kyrkja å tilpasse seg tidsanda i alle moglege stridsspørsmål," uttalar religionsvitaren. "Tidlegare vart den katolske kyrkja på dette grunnlaget skulda for å vere umoderne. I dag er det imidlertid slik at den katolske kyrkja vert oppfatta som eit fast orienteringspunkt, nettopp av di ein ikkje heng seg på alle motetrendar."

I fylgje professor Bolz tyder likevel ikkje denne positive oppfatninga av den katolske kyrkja at folk flest aksepterer kyrkja si lære i dei einskilde lærespørsmål:

"Nett no opplever me at den katolske kyrkja har veldig stor makt. Men ikkje makt i den forstand at kyrkja påverkar folks oppfatning i ei rekke konkrete stridsspørsmål, men heller slik at kyrkja har stor makt i kraft av si rolle som eit fast orienteringspunkt."

Kathpress , 6. september 2006 (11. september 2006)