5.000 politifolk vart sett inn under pavebesøket

Berre i München sette politiet inn 5.000 politifolk i samband med paven sitt opphald i byen. Politiet rekna med at mellom 500.000 og ein million menneske ville samle seg i gatene under paven si vitjing til byen. Politimeisteren i München, Wilhelm Schmidbauer, uttalte på fredag at „begeistringa for paven er like sterk som før".

Blant dei 5.000 politifolka fann ein også folk frå det spesielle beredskapspolitiet så vel som innlånt politi frå dei tyske delstatane Hessen og Nordrhein-Westfalen. Talet på politifolk var større enn under dei førre pavebesøka i München, som fann stad i 1980 og i 1987.

„For oss har tryggleiken til så vel pave Benedikt XVI, delegasjonen frå Vatikanet så vel som dei mange pilegrimane høgaste prioritet," uttaler politimeisteren. Politiet ville opptre venleg og unngå å verte altfor synlege under dei ulike arrangementa, men likevel halde det heile under tett oppsikt.

Kathpress, 8. september 2006 (11. september 2006)