Paven og den tyske presidenten sine helsingstalar i München

Ved sin framkomst til München uttrykte pave Benedikt XVI laurdag ettermiddag si djupe takksemd til dei som hadde medverka til å førebu pavereisa til Bayern, og han uttrykte også si personlege glede over å få kome til heimstaden sin.

Under talen på flyplassen i München la pave Benedikt XVI vekt på at han retta helsinga si til alle tyskarar; ikkje berre til befolkninga i Bayern eller til dei tyske katolikkane. Paven uttrykte si lengting etter fred, og uttrykte si von om velsigning for alle som engasjerer seg for fred og rettferd i verda.

Benedikt XVI sa det var leit at han ikkje hadde kunna utvide reisa til også å omfatte andre delar av Tyskland. Frå alle kantar, men spesielt frå dei bayerske bispedøma, hadde han motteke ei rekke teikn på "venleg tilnærming," noko han var takknemleg for.

Paven forsikra om at han ville gjere alt for at dei kristne kyrkjene skulle kunne kome nærare kvarandre, samstundes som han la vekt på at 500 års splitting ikkje så lett let seg overvinne gjennom "kloke samtalar".

Pave Benedikt XVI la vekt på den århundrelange tilknytinga mellom Bayern og Den Heilage Stolen. Trass i "nokre periodar med spenning", hadde det bayerske folk i sine viktige historiske vegval alltid demonstrert sin "oppriktige lojalitet" mot Peters Stol og stadfesta sin truskap mot den heilage katolske trua. Som apostelen Peters etterfylgjar ville paven stadfeste denne kontakten gjennom reisa til Bayern.

Paven la også vekt på at reisa var viktig for han personleg, all den tid reisa gav høve til å få oppfriska minna frå dei mange år paven i si tid hadde tilbrakt i teneste i München og Regensburg. "Eg er komen for å takka alle dei som har medverka til å forme personlegdomen min," sa paven i helsinga si.

Pavens fly landa klokka 15.22 på flyplassen i München. Etter at paven hadde vorte helsa av representantar for den katolske kyrkja i Bayern, samt av representantar for den bayerske delstatsregjeringa og den tyske regjeringa, haldt president Horst Köhler si helsingstale til paven.

"Me frydar oss over at De på ny er her hos oss," sa Köhler, støtta av applaus frå dei frammøtte på flyplassen. Presidenten var rørt over at paven som "øvste hyrde for den universelle kyrkja" gjennom denne reisa demonstrerte ei så sterk tilknyting til heimlandet sitt og til dei stader der han tidlegare i livet hadde gjort teneste.

Köhler la vekt på at han, som protestantisk kristen, bar på ei von om økumenisk tilnærming. I samband med dette synte han til si deltaking under gravferda til prioren for det økumeniske Taize-fellesskapet, broder Roger, som i fjor vart myrda.

Den tyske presidenten uttalte seg også positivt om den fyrste encyklikaen til paven; "Deus caritas est". Han oppfatta denne encyklikaen som ein sterk appell til alle konfesjonar og religionar om å prøve seg sjølv. "Når religion og tru vert nytta som instrument for å oppnå verdslige målsetjingar, er det noko som ikkje stemmer", uttalte presidenten og haldt fram: "Og når religion og tru vert nytta for å rettferdiggjera krig, terror og planmessig utførte mord er det ingenting som stemmer lenger". Presidenten synte til at eit slikt misbruk kan medverke til å føre ein kvar form for religiøs tru i miskreditt.

Köhler uttrykte ynskje om "mykje kraft og energi" for kyrkja sitt arbeid i Tyskland. Dette gjaldt til dømes for ungdomsarbeidet, som presidenten rekna som ei samfunnsviktig oppgåve.

På flyet frå Roma til München hadde paven sagt til journalistar at han gjerne ville reise til Tyskland nok ein gong for då også å vitje Berlin og andre delar av landet. Paven la imidlertid vekt på at han var ein gamal mann, og at han ikkje kunne vete "kor mykje tid Herren vil gje meg". Han minna også om at han er pave for heile verdskyrkja og at han difor fyrst ville reise til Tyrkia og så til Brasil. "Dersom eg får kome til Tyskland nok ein gong, så vil eg rekne dette som ei gåve frå Gud", sa paven til journalistane.

Med tanke på Bayern-reisa sa paven i flyet at han "gleda seg", og han sa også at "hjarta mitt slår bayersk". Likevel følte hans seg ikkje så sterkt isolert frå Bayern, og nemnde at han førte regelmessige telefonsamtalar med broren sin i Regensburg.

Paven understreka overfor journalistane i flyet at han under reisa hadde ynskje om å "feire ein stor trusfest saman med folk" og at han ynskja å "styrke kontakten mellom kristne". Dessutan ynskja paven å få understreka "at kyrkja skal vere ein kraft for fred i så vel den einskilde nasjon som i heile verda."

Kathpress, 9. september 2006 (12. september 2006)