Paven talte om "fridom, likskap og brorskap"

"Trua på Gud krev også at ein har omtanke for dei fattige og lidande". Denne tanken prega pave Benedikt XVI si tale under pavens store messefeiring i München på sundag. "Det sosiale og evangeliet kan ikkje skiljast frå kvarandre" sa paven. "Når Gud står i midten, då kan rettferd og kjærleik få innpass". Paven nytta i samanheng med dette dei tre omgrepa "fridom", "likskap" og "brorskap".

300.000 pilegrimar frå Bayern og frå andre nærliggjande delstatar var til stades under messefeiringa, som fann stad under strålande blå himmel. Under messefeiringa deltok i tillegg til paven også erkebiskopen av München, kardinal Friedrich Wetter, forutan over 60 kardinalar og biskopar. Medcelebrantar saman med paven var til dømes den avgåande statssekretæren i Vatikanet, kardinal Angelo Sodano, formannen for den tyske bispekonferansen, kardinal Karl Lehmann, samt erkebiskopen av Köln, kardinal Joachim Meisner. Dessutan var den tyske president Horst Köhler og statsministeren i den bayerske delstatsregjeringa Edmund Stoiber til stades.

Før messa hadde paven kjørt gjennom menneskemengda i papamobilen og motteke hyllest frå dei frammøtte. Langs ruta hadde pilegrimar møtt fram allereie klokka fire om morgonen. Messefeiringa vart innleia med at det vart ringt med "Benedikt-klokka". Den 260 kilo tunge klokka vart finansiert gjennom ein innsamlingsaksjon blant folk i Traunstein. Klokka skal verte heist opp i tårnet til presteseminaret i Traunstein, og skal der saman med seks andre klokker kalle inn til messefeiring. Presteminaret i Traunstein er presteseminar for erkebispedømet München-Freising. Som ung studerte den novarande paven ved seminaret. På klokka er dei latinske orda "Humanitas - Christianitas - Liberalitas Bavarica" vorte inngraverte.

Kathpress, 10. september 2006 (13. september 2006)