Stormuftiens varme tale til pave Benedikt i Den blå moské

Pave Benedikt XVIs apostoliske reise til Tyrkia:

Pave Benedikt XVI sitt besøk i Den blå moské i Istanbul var prega av ein særs hjarteleg atmosfære. Som alle andre gjestar til moskéen, tok også paven av seg skoa ved inngangen.

Stormufti Cagrici takka Benedikt XVI for hans prinsippfaste haldning i moralspørsmål.

- Me er takksame for at De representerer motstand mot samanbrotet av moralen, sa stormuftien i si helsing til paven.

Stormuftien sa også at muslimar var "lykkelege" for pavens besøk i Den blå moske. I samband med besøket i moskeen siterte stormuftien den "nikomakiske" etikken til Aristoteles: Ein einsleg svane gjev ingen vår. Men denne første svana er likevel eit tidleg og godt teikn på ein tidsperiode prega av fred.

Til avslutning overrekte stormuftien paven ein "Bismillah"-kaligrafi, kunstnarleg utstyrt med det islamske formularet "I Guds namn, som har omsorg for alle, som er barmhjertig mot alle". Pave Benedikt XVI takka for dette "fredsteiknet", og gav sjølv ei gåve; ei kunstnarleg framstilling av duer. Duer som symbol spelar ei spesiell rolle hjå tyrkarane.

Kathpress, 30. november 2006 (1. desember 2006)