Patriark Bartholomeus helsa paven som "høgt elska bror"

Patriark Bartholomeus I

 Se også:

Pave Benedikt XVIs apostoliske reise til Tyrkia:

Den økumeniske patriarken av Konstantinopel, Bartholomeus I, ynskja på onsdagskvelden pave Benedikt XVI hjarteleg velkomen til Georgs-katedralen i Phanar i Istanbul. I si helsing til paven valde patriarken å formulere seg på fylgjande vis:

- Høgt elska bror, hjartans velkomen! Velsigna vere den som kjem i Herrens namn!

Patriarken uttalte at paven og han i eigenskap av si rolle som etterkomarar av biskopane i "det gamle og i det nye Roma", begge er ansvarlege for å ta skritt i retning av å oppfylle Jesus sitt bod om at hans disiplar må vere eitt.

Patriarken haldt fram med desse orda:

- Me tek i mot Dykk ved dette Dykkar fyrste besøk i denne byen like hjarteleg som våre forgjengarar, dei økumeniske patriarkane Athenagoras I og Dimitrios I, tok imot Dykkar forgjengarar, pavane Paul VI og Johannes Paul II. Desse ærerike kyrkjemenn var klar over at slike besøk er av stor verdi, og begge forsto kor tvingande naudsynt det er at ein fører ein dialog prega av kjærleik og sanning på vegen til forsoning.

Patriark Bartholomeus I minna samstundes om den uhyre viktige rolla metropolen ved Bosporus, Konstantinopel/Istanbul, har spelt i kristendomen si historie. Her grunnla apostelen Andreas, som var den fyrste som av Jesus vart kalla til disippelteneste, ein kyrkjelyd, og her har også "den heilage apostelliknande keisaren Konstantin den store grunnlagt det nye Roma".

Patriarken synte også til at fleire store konsil i oldkyrkja hadde funne stad her, mellom anna for å få formulert trusvedkjenninga.

- Ved Bosporus har martyrar og heilage, biskopar og munkar, teologar og lærarar saman med ein sky av vitne vedkjent seg den ortodokse tru, haldt patriarken fram.

Patriarken takka spesielt for relikvia etter to av forgjengarane hans, dei to heilage patriarkane Gregor samt Johannes Chrysostomos. Det var pave Johannes Paul II som for to år sidan overleverte desse relikvia til patriarken av Konstantinopel.

Kathpress, 29. november 2006 (1. desember 2006)