Paven meiner at kyrkjesplittinga skapar vanskar for forkynninga av evangeliet

Pave Benedikt XVIs apostoliske reise til Tyrkia:

Pave Benedikt XVI vitja i Istanbul også den armensk-apostoliske patriarken av Konstantinopel, Mesrob II. Under ei bønegudsteneste i patriarkens domkyrkje i Kumkapi omtalte paven splittinga mellom kristne som ei "skandale", og oppforda til at ein måtte gå i gang med å få reparert såra som mange års splitting hadde skapt. Den armensk-apostoliske kyrkja er i dag det største kyrkesamfunnet i Tyrkia.

Pave Benedikt XVI kom, om enn indirekte, inn på folkemordet på armenarane.

- Det armenske folk har ofte og under særs tragiske omstende, som i førre århundre, vitna overtydande om trua si, sa paven.

I fylgje historiske fagmiljø vart opptil 1,5 millionar armenarar drepne under folkemordet, som fann stad i Det osmanske riket under 1. verdskrigen. På offisielt hald nektar Tyrkia framleis for at det dreidde seg om eit folkemord.

Pave Benedikt XVI omtalte møtet med den armenske patriarken som "noko meir enn ei enkel gest prega av økumenisk venskap". Paven omtalte møtet som eit teikn på ein felles lengt etter å nå fram til einskap mellom alle kristne". Pave Benedikt omtalte kyrkjesplittingane som tragiske, og la vekt på at splittinga ikkje var i samsvar med Guds vilje. Paven la vekt på at kyrkjesplittinga er til skade for det viktigaste i kristendomen, nemleg forkynninga av evangeliet. Paven minna om at Kristus gav sitt eige liv for å rive ned murar som skil oss frå kvarandre.

- I ei verd prega av konflikt og ulike formar for spenning, må kristne utstråle von og trøyst, la paven vekt på, og haldt fram:

- Me må difor gjere alt som står i vår makt for å lege dei sår som oppsplittinga har skapt og ivrig gå inn for å byggje opp einskapen mellom kristne på ny.

Kathpress, 30. november 2006 (1. desember 2006)