Paven meistra den vanskelege Tyrkia-reisa med bravur

Pavens apostoliske reis til Tyrkia:

Dei dystre spådomane forut for pave Benedikt XVI si reise til Tyrkia har synt seg å vere grunnlause. I staden for masseprotestar og fiendskap har me vore vitne til interesserte politikarar og venleg innstilte massemedia. Paven sine positive utsegner om Tyrkia, og hans understreking av at han kjem "som ven og som apostel for fred og dialog" reiv bort grunnlaget for negative fordomar. Fyrst og fremst var det påstanden om at paven hadde uttrykt seg positiv til tanken om eit tyrkisk EU-medlemsskap som skapte eit positivt stemningsskifte i den tyrkiske opinionen, uavhengig av om president Recep Tayyip Erdogan hadde feilfortolka pavens ord eller ikkje.

Dette kom til å verte ei ganske anna pavereise enn dei me frå før har vore vane med. Denne gongen var det ingen jublande menneskemassar, ingen store friluftsmesser og heller ingen velkomstplakatar. Denne gongen var det altså ikkje tale om eit pavereise som kom til å prege heile samfunnet i det landet som vart vitja, ein måtte venda seg til massemedia for å få eit inntrykk av kva som stod på. Berre gjennom dei rigide tryggingstiltaka, som var enno meir omfattande no enn under president Bush sitt besøk til Tyrkia, kunne ein ane at noko stort var på gang.

Reisa dreidde seg då også i fyrste rekke om kontakten med det økumeniske patriarkatet for den ortodokse kyrkja, som har sitt sete i Istanbul. Fyrst i andre rekke kom målsetjinga om å oppmuntre den vesle katolske minoriteten i landet. Fyrst som siste målsetjing dreidde reisa seg også om tilhøvet til islam, som etter Regensburg-talen hadde vorte oppfatta som problematisk. På alle tre område oppnådde paven suksess på reisa si.

Paven sitt møte med overhovudet for verdas ortodokse kristne kom på eit tidspunkt der mange års heller kalde relasjonar nyleg har vikt plassen for oppstarten av ein offisiell teologisk dialog. Pave Benedikt XVI sa da også at han såg på økumenikken som ein sentral del av programmet for sitt pontifikat. Paven la vekt på at kyrkjesplittinga representerer ei skandale; splittinga er til skade for truverda til det kristne bodskapet.

I ei felles utsegn gav pave Benedikt XVI og patriark Bartholomeus I løfte om ei intensivering av dei teologiske samtalane, også rundt vanskelege tema, som til dømes paven si rolle, ein tematikk som paven sjølv oppfordra til at det vart gripe fatt i. Dessutan vil ein oppnå eit sterkare samarbeid mot krig, svelt og terror i verda. I særskilt grad var paven og patriarken opptekne av Europa; begge to oppfordra til at kreftene vart sette inn i kampen for kristne verdiar og menneskerettar, for religionsfridom og for omsorg for minoritetar.

To gonger i løpet av reisa, i Efesos og i Istanbul, møtte Benedikt XVI tyrkiske katolikkar. Har oppmuntra katolikkane og forsikra dei om verdskyrkja sin solidaritet, som dei ikkje skulle gløyma, trass i at tyrkiske kristne ofte skuldar vestlege kristne for å sjå bort frå deira vanskelege situasjon. Paven synte til dei sterke kristne røtene i denne regionen, kor Paulus, evangelisten Johannes og Guds mor Maria alle har levd. I kva for grad paven si reise vil medføra forbetringar for dei kristne sin livssituasjon vil framtida måtte syne.

På bakgrunn av striden gjennom dei siste vekene, såg ein i forkant på kontakten med islam som ei spesielt vanskeleg utfordring. Likevel gjekk møta med sjefen for det statlege religionsbyrået "Diyanet", professor Ali Bardakoglu, føre seg i ein sakleg-konstruktiv, forsiktig og forståingsfull atmosfære. Paven oppfordra til dialog og respekt mellom kristne og muslimar, og oppmuntra til samarbeid rundt etiske spørsmål, fred, rettferd og solidaritet. Paven omtalte ikkje sjølv sitt føredrag i Regensburg, men føredraget hadde ikkje vorte gløymd, noko som kom fram av innhaldet i Bardakoglu sin tale.

Eit langt sterkare inntrykk enn desse orda gjorde paven sitt besøk i Den blå moské. Framfor mihraben stod Benedikt XVI ei lita stund i taus bøn med stormuftien av Istanbul, professor Mustafa Cagrici, ved si side. Det var eit av dei bileta som går verda rundt og som ikkje vert gløymde.

Kathpress, 1. desember 2006 (1. desember 2006)