Høringsuttalelse om Staten og Den norske kirke

Høyring - NOU 2006:2 Staten og Den norske kirke

Oslo katolske bispedøme vil gjerne seie takk for å få dette høvet til å ta del i høyringa om "Staten og Den norske kirke" (NOU 2006:2)! "Den norske kyrkje" sin vidare veg, også når det gjeld tilhøvet til staten, vil utan tvil ha stor innverknad på både den samfunnsmessige og den kyrkjelege utviklinga i landet vårt.

Vi vil særleg vil vende merksemda mot dei meir prinsipielle sidene ved dette store sakskomplekset. Den offentlege utgreiinga og høyringsrunden som fylgjer med, bør gje høve til ein så brei og open debatt som mogeleg både når det gjeld kyrkjeleg sjølvforståing og forståinga av religionen og trussamfunna sin plass i det moderne samfunnet. Skjemaet med spørsmål til høyringsinstansane høver etter vårt syn berre i liten mon som grunnlag for vår høyringsfråsegn om denne saka.


I. PRINSIPIELLE OG TEOLOGISKE SYNSPUNKT

Kyrkjeleg sjølvforståing. Ekklesiologiske moment.

For å kunne vurdere kyrkja sin relasjon til stat og samfunn er det etter vårt syn naudsynt å ha ei forståing av kva kyrkja er - både teologisk og kyrkjerettsleg. Her meiner vi NOU-utgreiinga har veikskap og manglar. Så vidt vi har danna oss eit inntrykk av Den norske kyrkje (Dnk) sin sjølvpresentasjon og av den kyrkjelege debatten elles, finn vi motsetnader i synet på kva kyrkja er (ekklesiologien). Vi trur at statskyrkjeordninga gjer det vanskelegare for Dnk å komme til rette med identiteten sin som kristent kyrkjesamfunn i eit pluralistisk samfunn. At kyrkja skal vere vedkjennande, misjonerande, tenande og open er omgrep som går att i Dnk-samanhengar og Dnk-dokument. Også NOU'en tek opp dette (s. 36). I ei statskyrkjeordning kor den politiske dagsorden vil legge føringar på kyrkja, ser vi ein fare for at vektlegginga av det siste av desse elementa i kyrkjeforståinga set til sides dei tre andre, som NOU'en i liten mon går djupare inn i. I det heile er det i våre auge ein mangel at desse fire grunnelementa i kyrkja si oppfatning av seg sjølv ikkje er drøfta og halde opp mot kvarandre.

Det er all grunn til å vere varsam med sjølve "folkekyrkje"-omgrepet. Som grunngjeving for ei statskyrkjeordning kan det for det fyrste lett innsnevre kyrkja sin universelle karakter og gjere henne til eit stykke nasjonal kultur. For det andre vil ei slik understreking av det nasjonal-folkelege gjere kyrkja lettare å instrumentalisere for reint nasjonale og maktpolitiske interesser. Alle dei store, historiske kyrkjene har meir eller mindre kome i slike situasjoner. Det er eit teikn på statleg og kyrkjeleg dømekraft om ein skjønar at ein ikkje lenger kan leggje ei slik forståing til grunn for tilhøvet mellom kyrkje og samfunn. Eit kristent kyrkjesamfunn kan ikkje i dag forvente å prege nasjon og folk gjennom privilegerte posisjonar og restar av gamal einskapskultur. Det må leve i kraft av å vere meir ein motkultur enn ein majoritetskultur.

Religion og samfunn i dag

For å kunne avklåre sitt tilhøve til statsmakt og storsamfunn i dag, krevst det og ein refleksjon kring religionen sin offentlege plass i samfunnet i det store og heile. Dette er blitt høgaktuelt, ikkje minst p g a "trykk" frå eit vestleg-sekularisert samfunn som det norske og eit aukande islamsk nærvere.

Den luthersk-protestantiske teologi har i seg ei blanding av på den eine sida ei forståing av kristen tru tufta på bibeltolkinga til den einskilde og på den andre sida ei historisk nær tilknyting til nasjonalstatlege styresmakter. Dersom forståinga av kyrkja som eit verkeleg "samfunn i samfunnet" tonast ned, vert ho alt for lett spela i armane på statsmakta og majoritetskulturen når det gjeld religionen sin offentlege plass. For at kyrkja skal unngå å bli ytterlegare avgrensa til privatsfæren, blir det då nærliggjande å tenkje at det er staten "som sådan" som må vere garantist for trua sin offentlege karakter. Reint historisk korresponderer protestantisk tenking her for så vidt med "moderniteten" som ho på mange måtar høyrer saman med: Religion er samtidig noko strengt privat og noko som styresmakta må ha ansvar for, for ikkje å seie kontroll med. Til grunn for dette ligg oppfatninga av storsamfunnet som ein einskapskultur - for så vidt overteken frå mellomalderen sin "kristenhet", men modifisert gjennom framveksten av nasjonalstaten og opplysingstida sitt samfunnsprosjekt. I fyrste fase overtek den konfesjonelle staten kyrkja sin plass. I neste fase overtek den liberale staten og seinare den moderne velferdsstaten den tradisjonelle kristendomen si rolle som premissleverandør for den nasjonale kulturen.

Tenkinga bak NOU'en om stat og kyrkje vitnar om ei ideologisk og historisk binding både til den lutherske konfesjonelle staten og til tanken om ein nasjonal einskapskultur. Begge deler må i dag oppfattast som anakronismar som låser for konstruktiv fornying når det gjeld kyrkja og religionen sin plass i samfunnet. Høgsterettsdommen mot Børre Knudsen i si tid viser klårt at den norske staten berre kjenner seg konfesjonelt forplikta for det som gjeld kyrkjestyret internt og ikkje for etikk og lovgjeving i samfunnet elles, og ved det er og klargjort at staten seier frå seg det verdigrunnlaget som var grunnlaget for den konfesjonelle staten. Det er og eit faktum at samfunnet generelt ikkje lenger åleine er prega av kristen tru og moral. I ein slik situasjon er det freistande å inngå kompromiss for ei kyrkje som skal vere statskyrkje og folkekyrkje.

Sjølv om banda til staten skulle verte modererte eller løyste, gjev NOU 2006:02 inntrykk av at ein framleis ynskjer ei brei folkekyrkje - med den innebygde ideen om ein norsk, kristent prega felleskultur. Frå ein katolsk synsstad er det bra å arbeide for at den kristne arven vert respektert i eit samfunn som vårt. Og Den katolske kyrkje ville ynskje at Dnk med sin dominans og ressursar kunne vere hovudbæraren av den kristne arv. Men ein kan ikkje vente at det norske samfunnet kan vere så einskapleg som det historisk sett har vore. I vår samfunns- og kultursituasjon er det naudsynt å arbeide for at religiøse- og livssynstradisjonar, miljø og institusjonar får vere sjølvstendige og tydeleg aktørar i det pluralistiske samfunnet, basert på indre sjølvstende og på full livssyns- og religionsfridom. Ein må respektere at menneske i dag vil gjere sine eigne verdival. Det må leggjast til rette for at desse kan ytre seg og kunne levast ut på alle plan i samfunnet, berre avgrensa av dei omsyn alle må ta for at ein skal kunne leve saman på ein fredfull og tolerant måte.

Staten bør korkje favorisere ein spesiell religion/eit spesielt livssyn eller freiste å fortrengje religion og livssyn til privatsfæren. Kyrkjer og trussamfunn bør våge å vere i minoritet og å vere motkulturar; å vere surdeig og påverke i kraft av sine kvalitetar heller enn gjennom nominell oppslutnad og rettslege privilegium. Difor bør Dnk etter vårt syn ikkje berre løyse seg frå den noverande statskyrkjeordninga, men også frå ei kvar særstilling elles - og rett og slett satse på å vere ei heilt fri kyrkje. Gjennom det vil ho kunne få ei meir realistisk og tydeleg forståing av sin plass i samfunnet. Ikkje minst vil det vere eit klårt signal om at Dnk og den norske stat står for full religionsfridom - og dermed syner respekt for ein grunnleggjande menneskerett.

Situasjonen vi har i dag kan og sjåast frå ein annan synsstad: Med den makta staten har i kyrkja, vert sjølve trusfridomen åt medlemmene av kyrkja råka, ei fridom som dei skulle vera sikra ved Den europeiske menneskerettskonvensjon, jf. Grl. § 110 c. Alt i dag ser vi at staten på ulike måtar øver ein massiv påverknad på kyrkja i strukturelle og moralske spørsmål, og det kan reisast tvil om det kan sameinast med kyrkja sitt vesen. Dette må ein rekne med berre vil auke på. Ei avgjerd om kyrkja si framtid må difor peike ut over dagen i dag, og det synest då uomtvisteleg at om ikkje kyrkja no vert heilt fristilt frå staten, vil ho over tid ende som statens religionsvesen og tape som kristent trussamfunn. Oppmodinga blir ut frå dette ei oppmoding til staten om å la kyrkja sleppe fri.

Slik vi ser det, har denne oppmodinga nær samanheng med styringa av kyrkja. Prinsipielt er det klårt at kyrkja skal styrast av Gud, og ikkje av menneske. Difor er det ikkje råd utan vidare å nytte dei same demokratiske prinsippa for kyrkja som for det verdslege samfunnet og i politisk liv og verksemd. Samstundes er det slik at Gud verkar gjennom menneske, spesifikt lemane i Dnk, som er opptekne av og engasjerte til beste for kyrkja sett i dette guddomlege perspektivet. Korleis eit slikt perspektiv skal teiknast reint konkret med dei indre mekanismane i Dnk, finn ikkje vi det naturleg for oss å ta stilling til. Det må bli ei oppgåve for Dnk sjølv i ein prosess med eiga sjølvforståing. Eit moment som vi vil særleg nemne, er sjølve namnet "Den norske kyrkja". Det ville vere i betre samsvar med opphavet til Dnk om namnet viste til at ho er ei evangelisk-luthersk kyrkje.

I samsvar med vårt prinsipielle syn, vil vi òg peike på at grunnlova si føresetnad om at halvparten av Statsråd må tilhøyre Dnk, må takast bort.

Med omsyn til det som er fastsett i grunnlova om monarkens religion, ventar vi at ein lyttar til kongens personlege synsmåtar og ynskjemål for sin eigen del.

Oppsummering

Vi vonar at Dnk, løyst frå staten, vil arbeide fram ei tydelegare teologisk sjølvforståing (ekklesiologi).

  • Dnk og staten må bryte med den einsidige folkekyrkjeideen.
  • Dnk og staten må ta konsekvensen av at einskapskulturen ikkje lenger er ein realitet, og ta den kulturelle pluralismen på fullt alvor.
  • Dnk og staten må ta steget fullt ut i lausrivinga mellom dei og la alle "mellom-modellar" falle.

Dnk har ei særstilling som kristent trussamfunn som frikyrkjene (Dkk inklusive) ikkje kan erstatte, og vårt ynskje er at Dnk kan fungere best mogleg. Det er bare gjennom å vere kyrkje i rett meining at Dnk kan halde ved lag sin posisjon; blir den utydeleg og sjølvmotseiande - slik utviklinga under statens leiing trekker i retning av - trur vi den vil miste interesse og smuldre bort.


II. JURIDISKE KONSEKVENSAR

Framtidig innhald i Grunnlovas § 2

NOU 2006:2 drøfter eventuelle endringar i § 2 i grunnlova som i dag slår fast at den evangelisk-lutherske religionen er staten sin offentlege religion. Paragrafen høyrer slik sett til eineveldet si tid og er ein fylgje av prinsippet 'cujus regio, ejus religio', altså at herskaren over eit territorium fastsett undersåttane sin religion. Dette meiner vi for lengst er forelda.

Spørsmålet er om staten i tida framover bør ha eit verdigrunnlag som er uttrykkjeleg formulert i Grunnlova. Ein stat vil aldri vere verdinøytral eller verdilaus, og eit klårt uttrykt verdigrunnlag vil kunne gje retning for statsmakta si styring og likeins for korleis folk ser på landet sitt. Men vil det i dag vere mogleg å samlast om ein verdiparagraf som kan ha ein positiv verknad for folk og styring?

Vi har i dag fått menneskerettane som ein del av Grunnlova, og dei er særs viktige og for så vidt tilstrekkelege så langt dei rekk. Grensene for dei ligg i det som er deira hovudføremål: å hindre statsmakta i å gjere overgrep mot innbyggjarane. Dei tek ikkje sikte på å vere eit positivt grunnlag for statsstyringa eller å vere retningsgjevande for denne. Og her kjem då problemet: Kan vi i Noreg i dag samlast om ein positiv retning vidare? Eller kan vi i det minste samlast om ei historisk rett formulering av det grunnlaget vi i dag står på?

Etter vår meining er framlegget (fleirtalsframlegget) i NOU'en til ny ordlyd i grl § 2 god. Formuleringa her er ei presisering av den ånda som grunnlovsfedrane forankra samfunnet og konstitusjonen i, slik dette blei uttrykt i grl. § 112. Med det naturrettslege utgangspunktet som vi heller ikkje i dag kan kome bort frå, uansett kva for merkelapp ein set på samfunnet sine ukrenkjelege grunnprinsipp, ynskte grunnlovsfedrane å markere at ikkje alt kan endrast gjennom eit fleirtalsvedtak, ikkje ein gong endringar av grunnlova med 2/3 fleirtal. Sjølv om ånda i grunnlova må definerast av kvar ny generasjon og såleis i på sett og vis er ein rettsleg standard, er ho likevel ein realitet. Ei omformulering av grl § 2 i samsvar med framlegget gir etter vårt syn eit godt uttrykk for ein konsensus i samfunnet i Noreg i dag.

Dersom dette siste blir godteke, må det seiast klårt at kristendomen har vore den dominerande verdileverandøren for Europa. Kristendomen har vore idégrunnlaget for læra om at menneskeverdet er ukrenkeleg, uttrykt gjennom naturrettstradisjonen, som peiker på at det finst ein høgare lov enn den positive lovgjevinga. Det kristne "caritas", eller nestekjærleiken, er det unike som kristendomen har gjeve til samfunn og politikk: Likeverd og like rettar er forankra i eit menneskeverd som ikkje er reint materielt eller bunde opp til status, rikedom eller fysisk styrke. Kristendomen sitt bidrag til demokratiet ligg i dette radikale synet på mennesket; eit syn som legg vekt på at individet aldri kan reduserast til masse eller kollektiv. I tillegg kan det peikast på at kristendomen var den heilt dominerande utdannings- og kulturberaren i Europa, heilt frå klosterskulane si tid og fram til opplysningstida. Det kan vere nok å sjå kontinuiteten i den europeiske idéhistoria: antikken, kristendommen og opplysningstida sine verdiar kan ikkje og bør ikkje skiljast åt fordi dei til saman er ein historisk idéarv, europeisk og implisitt også norsk. Vi kan og nemne den heilt sentrale sondringa mellom politikk og religion som ein europeisk idé - typisk og unik for den kristne religionen.

Kort sagt inneheld europeiske politiske system og europeisk kultur sentrale element av kristent tankegods samstundes som det kristne innslaget ikkje kan skiljast frå den antikke arven eller den humanistiske kritikken. Grunnlova kan difor trygt vise både til det kristne og det humanistiske verdigrunnlaget. Dette burde det kunne vere oppslutning om vidare framover.

Ansvar for gravferdsforvaltinga

Ei felles oppgåve for alle borgarar i Noreg som Dnk framleis ivaretek, gjeld drifta av kyrkjegardane. Den katolske kyrkja vil sterkt rå til at denne ordninga held fram, og vi vil peike på følgjande:

Vi har ein gravferdstradisjon med høg kvalitet og kultur, og den har, så langt, gjeve eit vern mot utvekstar kring gravferdspraksisen og mot uynskte haldningar til gravplassar. I det store og heile er våre kyrkjegardar prega av å vera nøkterne, med respekt i møte med døden, og vi har sluppe gravskikkar som går i retning av det overdådige eller på annan vis er usmakelege. Dei fleste av oss har og ein positiv haldning til kyrkjegardar; det er plassar forbunde med fred, og dei vil oftast vere velstelte og/eller gje ei positiv kulturoppleving. Vi ser likevel at nye landsmenn frå andre kulturer kan ha med seg heilt motsatte haldningar; kyrkjegardar er forbunde med uhygge. I ein "nøytral" kontekst kan slike haldningar også vekse fram hos oss og øydeleggje for den gode opplevinga vi er blitt fortrulege med.

De fleste stader ligg kyrkjegardane omkring ei kyrkje. Administrativt er det klokast at området kan sjåast og forvaltast under eitt. Å skulle trekkje grenser mellom ei kyrkje og grunnen ikring vil kunne føre til splid mellom kyrkjelyd og kommune om å disponere areal. Forvaltinga er og rimeleg for samfunnet.

Dei aller fleste nordmenn er knytte til kristne trussamfunn. For så vidt ivaretek Dnk ei felles oppgåve for desse, og ho gjør det på eit vis som er allment respektert. I høve til ikkje-kristne trussamfunn er det grunn til å tru at dei òg ser seg tente med at Dnk har denne oppgåva. Kyrkja har føresetnader for å kunne forstå annleis truande sin måte å tenkje på og kva dei treng og ynskjer, og det er ikkje noko ved denne styringsmodellen som skulle skape problem av noko omfang. Tvert om vil ordninga kunne sikre at integriteten både for kristne og andre truande vert teken vare på.

Den økonomiske stønadsordninga for trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja

Med omsyn til gjeldande offentlege stønadsordningar ("kyrkjeskatt") for andre trus- og livssynssamfunn enn Dnk, seier Den katolske kyrkja for sin del seg tent med dei ordningane vi har i dag og ynskjer ikkje raske og lite gjennomtenkte endringar.

På lengre sikt ville det kanskje vere interessant å sjå på andre modellar (frå andre land?) for korleis ein kan leggje til rette stønadsordningar.

Kven bør eige og forvalte kyrkjebygga?

Det er sjølvsagt at det einskilde soknet må ha eigedomsretten til kyrkjebygga. Slik har det i realiteten alltid vore om ein ser bort frå de økonomiske overgrepa som kyrkja vart utsett for på 1700-talet. Løyser ein på eller opphevar statskyrkjeordninga heilt, vil det vere umogeleg å gå motsett veg når det gjeld eigedomsretten til kyrkjebygga.

Den lokale eigedomsretten til kyrkjene må like eins gjelde regionale og sentrale kyrkjelege eigedomar. Såleis må det òg gjelde for Opplysningsvesenets fond og den funksjonen det har hatt i høve til kyrkjeleg eigedom.

Spørsmålet om det økonomiske ansvaret for kyrkjene må sjåast i samanheng med dei økonomiske ordningane ein kjem fram til for Dnk i det store og heile. Det naturlege utgangspunktet er at økonomi og eigedomsrett høyrer saman, men då må soknene vere sikra tilstrekkjelege tilskot til drift og vedlikehald av kyrkjebygga.


III. KONKLUSJONAR

  1. Dnk bør løysast frå den noverande statskyrkjeordninga, og også frå ei kvar særstilling elles, og vere ei fri kyrkje. Gjennom det vil ho få ei meir realistisk og tydeleg forståing av sin plass i samfunnet. Ikkje minst vil det vere eit klårt signal om at Dnk og det norske staten står for full religionsfridom - og dermed syner respekt for ein grunnleggjande menneskerett.
  2. Staten bør ha eit verdigrunnlag som er uttrykkjeleg skrive inn i Grunnlova. Her må det seiast klårt at kristendomen har vore den dominerande verdileverandøren for dei europeiske samfunna.
  3. Gravferdsforvaltinga bør som no ligge under Dnk, som ei felles oppgåve for alle borgarar i landet, uten omsyn til trusbakgrunn.
  4. Den økonomiske stønadsordninga for trudomssamfunn utanfor Dnk bør halde fram som i dag.
  5. Eigedomsretten til kyrkjebygga bør liggje i det lokale kyrkjesoknet. Økonomi og eigedomsrett må høyre saman.

Med venleg helsing

Bernt Eidsvig Ulrik Sverdrup-Thygeson
Biskop, Oslo katolske bispedømme Kansellist

Vedlegg: Skjema

Staten og Den norske kirke - Spørsmål til høringsinstansene

Navn på høringsinstans:
Oslo katolske bispedømme
Tros- eller livssynssamfunn utenfor Den norske kirke
1. Hvilke overordnede prinsipper bør ligge til grunn for tros- og livssynspolitikken?
Svar: Se vår høringsuttalelse
2. Den norske kirke som statskirke:
Svar: Bør avvikles.
3. I hvilken lov bør Den norske kirke være forankret?
Svar: I lov om trudomssamfunn og ymist anna
4. Hvordan bør Den norske kirke finansieres?
Svar: Vet ikke / ønsker ikke å svare
5. Hvordan bør valgordningene og demokratiet være dersom statskirkeordningen avvikles?
Svar: Vet ikke / ønsker ikke å svare
6. Dersom statskirkeordningen avvikles, hva bør i så fall stå i § 2 (eller i en annen paragraf) i Grunnloven i tillegg til prinsippet om religionsfrihet?
Svar: Se vår høringsuttalelse
7. Hvem bør ha ansvaret for gravferdsforvaltningen?
Svar: Den lokale kirke
8. Hvem bør eie og forvalte kirkebyggene?
Svar: Den lokale kirke bør eie kirkebyggene og ha det økonomiske ansvaret

KI-Katolsk Informasjonstjeneste (Oslo) (1. desember 2006)

av Webmaster publisert 01.12.2006, sist endret 01.12.2006 - 12:33