"Johannes Paul I visste at han snart skulle døy", seier John Magee

I fylgje John Magee, den tidlegare sekretæren til pave Johannes Paul I (pave i ein kort periode i 1978), visste paven at han snart skulle døy, samstundes som han såg på Karol Wojtyla som sin moglege etterfylgjar. John Magee, som i dag er biskop i det irske bispedømet Cloyne, seier at pave Johannes Paul I berre tre dagar etter at han hadde vorte vald til pave kom med fylgjande utsegn: "Eg kjem ikkje til å forlate Roma. Eg dreg snart."

Magee tolkar denne utsegna som at paven forstod at han snart skulle døy. Dette kjem fram i siste utgåve av det italienske magasinet "Gente".

Pave Johannes Paul I døydde overraskande berre 33 dagar etter at han hadde vorte vald til pave. Trass i det korte pontifikatet vann han sympati over heile verda som "Den smilande paven".

I intervjuet hevdar Magee at Johannes Paul I kom med utsegna si etter at ein journalist hadde gjeve paven ein flybillett til Mexico som symbolsk invitasjon til den latinamerikanske bispekonferansen som skulle finne stad i Mexico. Johannes Paul I skal ha kommentert dette med at flybilletten burde gjevast vidare til hans etterfylgjar, då han sjølv snart ville "dra bort".

I intervjuet seier Magee vidare at Johannes Paul I mange gonger kommenterte sitt eige val til pave på fylgjande vis: "Kvifor akkurat meg? I konklavet var det jo mange som var langt betre skikka enn meg, som til dømes kardinalen som sat foran meg, og som Paul VI hadde tenkt seg som sin etterfylgjar."

På eit seinare tidspunkt fekk Magee vete at den kardinalen som sat foran Albino Luciani under konklavet var kardinalen av Krakow, Karol Wojtyla.

Magee avvisar påstandane om at pave Johannes Paul I skulle ha vorte drepen på fylgjande vis: "Paven døydde ein naturleg død, det er eg sikker på, og han døydde i senga si, og ikkje ved skrivebordet sitt, som nokre har hevda."

Andrea Tornelli, som er forfattar av pavebiografien "Papa Luciani", avviser imidlertid at Magee sine opplysningar representerer noko nytt.

"Magee kom med tilsvarande utsegner i eit intervju med det katolske tidsskriftet "Trenta Giorni" allereie i 1988" seier Tornelli i ein kommentar. Tornelli tolkar utsegna til Johannes Paul I som eit teikn på at han så på seg sjølv som ein overgangspave.

Tornelli hevdar vidare at ingen av spekulasjonane om at Johannes Paul I skulle ha vorte drepen har synt seg å halde mål. "Alt talar for at paven døydde ein naturleg, om enn overraskande død" avsluttar Tornelli.

Kathpress 4. mai 2006 (8. mai 2006)

av Webmaster publisert 08.05.2006, sist endret 08.05.2006 - 10:29