Regjeringssjefen i Bayern, Edmund Stoiber, skryt av paven

Statsministeren i den tyske delstaten Bayern, Edmund Stoiber, er overtydd om at pavens besøk vil setje merke etter seg i det kulturelle, intellektuelle og religiøse livet i Bayern. Stoiber synest det å fascinerande å sjå kva for tema paven tek opp i møtet med folk frå sine eigne heimtrakter. Stoiber kom med sine kommentarar i samband med at pave Benedikt XVI feira messe i Regensburg.

Stoiber la vekt på pavens utsegn om at den moderne verda, som er prega av vitskap og teknikk, ikkje må gløyme Gud. Stoiber var også glad for pavens vektlegging av sosial rettferd, og synte til pavens ord om at ei framtid utan rettferd "ikkje er mogleg". Samstundes takka Stoiber paven for hans åtvaring mot einkvar form for religiøs fanatisme.

Kathpress, 13. september 2006 (14. september 2006)