Pontifikalmesse og lan­sering av nynorsk missale

Lite MissaleDen katolske kyrkja har gleda av å lansere den fyrste utgåva av messeboka Missale parvum på nynorsk. Boka er på 168 sider, i tilnærma A4-format. Lanseringa fell passande nok under den nasjonale markeringa av språkmangfaldet i Noreg, Språkåret, 2013.

Omsetjinga, eit resultat av fleire års arbeid, skal i fyrste omgang verte nytta av omreisande prestar, eller prestar med fast verksemd i eit nynorskområde. Messeboka er førebels eit arbeidshefte, fram til pave Frans har gjeve si endelege godkjenning.

Omsetjingsarbeidet er utført av journalist Helge Gudheim, pater Arnfinn Haram, Ola Ireneus Breivega og overlækjar Haldor Slettebø, under leiing av biskop Bernt Eidsvig. Målforma i det nynorske missalet ligg tett inntil norma i 1985-omsetjinga frå Det Norske Bibelselskap, som òg storparten av skriftsitata er henta frå.

— Viktig bidrag

— Det er flott at den katolske kyrkja lanserer messebok på nynorsk. Dette er ein stor dag for norske katolikkar som ynskjer å nytte nynorsk i religionsutøvinga, og boka er eit viktig bidrag til den nynorske skriftkulturen, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, til katolsk.no.

Pontifikalmesse på nynorsk.

Fredag 30. august vert utgjevinga markert med ein presentasjon av boka, mottaking og pontifikalmesse på nynorsk.

17.00: Mariagården

Presentasjon av Lite missale, ved møteleiar, Ola Breivega  

  • Biskopen ynskjer velkomen
  • Ola Breivega greier ut om det språklege
  • Pater Haavar Simon Nilsen O.P og Helge Gudheim les utvalde tekstar

18.00: St. Olav domkyrkje

Pontifikalmesse på nynorsk. 

18.45 - 20.00: Mariagården

Mottaking og enkel servering.

Alle er hjarteleg velkomne!