Kort historisk oversikt

Frå Valdres katolske forum - til St. Thomas kapelldistrikt

Etter det vi kjenner til, har det i nyare tid ikkje vore nokon organisert, katolsk aktivitet i Valdres før midt på 1990-talet. Men dette er eitt av områda i landet med flest kyrkjelege minne frå mellomalderen. I dei seks Valdres-kommunane står det framleis seks stavkrykjer (Hedalen, Reinli, Hegge, Lomen, Høre og Øye) og to steinkyrkjer (Ulnes og Slidredomen). I tillegg eksisterer framleis Vang stavkyrkje, truleg som landets einaste eksporterte stavkyrkje, i Karpatz i sør-vestre del av dagens Polen. Det finst også ein ruin av ei steinkyrkje; på Mo i Vestre Slidre.

Det finst også ein god del gjenstandar frå fleire av dei forsvunne stavkyrkjene, som dermed minner om den katolske tida.

Nemnast må særleg Hedalen stavkyrkje. Dette er den lutherske kyrkja her i landet som har mest inventar frå mellomalderen bevara i kyrkja; røykjelseskar, bjøller, relikvieskrin, sakramentshus, altarskåp, krusifiks og ikkje minst den kjende madonnafiguren. Madonnastatuen er ein av dei vakraste i landet, og originalen er på plass i kyrkja (ein kopi står i Oldsaksamlinga i Oslo). Det er nok heller ingen andre, norske kyrkjer som har eit komplett, originalt relikviskrin frå mellomalderen å kunne syne fram.

I 1972 vart St. Tomas-kapellet på Filefjlell gjenreist som ei moderne kyrkje. Denne er vigsla økumenisk, og biskop Gran deltok frå katolsk side under vigslinga. Her har det fyrst i juli i ein del år vore feira katolske messer.

I tilknyting til Beitostølen Helsesportsenter er det på 2000-talet bygd eit økumenisk kapell. Tomta vart vigsla av kardinal Joseph Glemp under eit besøk på 1980-talet.

Elles er det berre sporadisk at det har vore feira katolske messer i Valdres fram til 1995. I samband med 1000-årsmarkeringa av innførselen av kristendommen her i landet, kom det då kom ein forespørsel frå statskyrkja i Sør-Aurald til organist i St. Dominikus, Åse Skjerdal, som er oppvaksen i Bagn, om å få til ei katolsk messe i Reinli stavkyrkje. Denne messa var på mange måtar starten til den katolske aktiviteten i Valdres. Åse Skjerdal vidarførde sjølv initiativet frå 1995, og messa har seinare vore feira nesten kvart år i august. Frå 2005 kom Valdres katolske forum formelt inn som arrangør, men framleis med Skjerdal aktivt med.

Valdres katolske forum har si historie attende til 2001, og vart stifta på initiativ av Birgit Haugen Kalve og Helge Gudheim. Dei to var på det tidspunktet med i styret i Valdres kyrkjeakademi, eit lokallag under Norske Kirkeakademier. Den våren gjekk dei to ut av det styret, stifta Valdres katolske forum og søkte medlemskap også for det i Norske Kirkeakademier. Forumet sette i gang med å arrangere foredragskveldar, messer og etter kvart også ei lita rosenkransgruppe.

Det kan nemnast at Jomfru Maria spelte ei aktiv rolle som inspirasjonskjelde og innfallsport for det katolske initiativet som vart teke i Valdres i 2001.

Fram til 15. august 2007 låg fem av Valdres-kommunane (Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal) i katolsk samanheng under St. Teresia kyrkjelyd på Hønefoss. Etnedal kommune sokna til Mariakyrkja på Lillehammer.

19. april 2007 vedtok biskop Bernt Eidsvig Can.Reg. av Oslo at på minnedagen for Marias opptaking til himmelen, 15. august, skulle dei seks Valdres-kommunane oppretta som eige kapelldistrikt og overførde til Mariakyrkja på Lillehammer.

Geografi

Valdres er ein region med seks kommunar i vestre del av Oppland fylke. I mellomalderen låg området under Stavanger bispedømme.

Valdres er to fjelldalar med utpspring i Jotunheimen. Dei møtest på Fagernes (365 moh.), som er det naturlege midtpunktet i Valdres. Aust for hovuddalføret høyrer også øvre del av dalen som går nedover mot Randsfjorden til Valdres. Dette er kommunen Etnedal, med kommunesenter på Bruflat.

Det er eit godt utvikla regionalt samarbeid i dei seks Valdres-kommunane, som i dei fleste offentlege samanhengar fungerer som ein region. Sumaren 2007 vart Valdres oppretta som landets fyrste regionale natur- og kulturpark. På kulturell side har den to satsingsområde: stølar og stavkyrkjer. Valdres er det området i landet som har flest stølar i drift og flest stavkyrkjer, og blir omtala som Stavkyrkjedalen.

Primærnæringar, turisme og servicenæringar dannar sysselsettingsgrunnlaget i Valdres. Beitostølen utviklar seg til ein turistlandsby på fjellet. Det er også stor hyttebygging i Valdres, og fleire hyttelandsbyar er i ferd med å vekse fram. Det er om lag like mange hytter som innbyggjarar i Valdres.

Innbyggjartalet går sakte nedover, er i 2007 på snaue 18.000 innbyggjarar i dei seks Valdres-kommunane.

Valdres er eit stort område. I luftlinje er det om lag 14 mil langt, og med regionsenteret Fagernes plassert om lag midt i. E16 er den sikraste heilårsvegen mellom Oslo og Bergen, og om lag 15 mil av denne vegen går gjennom Valdres - frå fylkesgrensa mot Buskerud ved Nes i Ådal til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane på Filefjell. Riksveg 51 går frå Gol via Fagernes og Beitostølen over Valdresflye mot Gudbrandsdalen. Valdresflye er vinterstengd. Riksveg 33 går frå Bjørgo, via Etnedal gjennom Dokka og mot Gjøvik. Frå Fagernes er det om lag 10 mil til Gjøvik, 11 mil til Lillehammer, 13 mil til Hønefoss, 19 mil til Oslo, 5 mil til Gol, 15 mil til Lærdal og vel 30 mil til Bergen.

Valdres har eigen internasjonal flyplass, Fagernes lufthavn, Lerin, med to daglege ruter til Gardermoen. Ekspressbussane har fem-seks avgangar kvar dag frå Fagernes mot Oslo, og turen tek om lag tre timar.

Valdres er eit stort geografisk område, langt frå etablerte katolske kyrkjer og med ganske grisgrend, katolsk busetting. I 2007 kjenner me til at det bur om lag 95 katolikkar i dei seks Valdres-kommunane.

St. Thomas kapelldistrikt

Biskop Bernt har besøkt Valdres tre gonger i løpet av 2006 og 2007. Under besøket i mars 2007 fortalte han at han hadde ein plan om å samle heile Valdres under Mariakyrkja på Lillehammer og å opprette Valdres som kapelldistrikt - det einaste i OKB på den tid. Han har også utfordra oss på å starte arbeidet med å skaffe oss meir liturgisk utstyr og å vera på utkikk etter eit lokale som kunne vera eit meir permanent kykjebygg.

19. april 2007 er ein merkedato i den nyare, katolske historia til Valdres. Denne dagen signerte biskop Bernt sitt dekret for oppretting av Valdres som kapelldistrikt.

11. august 2007 vart det i samband med den årlege messa i Reinli i Sør-Aurdal halde ekstraordinært årsmøte i Valdres katolske forum og stiftingsmøte for kapelldistriktet. Møtet vedtok å be biskopen om at namnet på det nye kapelldistriktet bør bli St. Thomas kapelldistrikt, noko han har godkjent.

Det er helgentradisjonen rundt Thomas Becket (1118-1170), erkebiskop av Cantebury, som er årsak til at katolikkane i Valdres valde St. Thomas som namn på det nye kapelldistriktet. Det stod ei stavkyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell i Valdres, og ho var vigd til St. Thomas. Dette var ei lovekyrkje, og her heldt valfarten og sumarstemna fram heilt til kyrkja vart riven i 1808. Fyrst på 1970-talet vart ei ny, moderne og økumenisk innstifta St. Tomaskyrkje bygd på Filefjell.

St. Thomas vart drepen framfor eit av altara i domkyrkja i Cantebury 29. desember i 1170. Difor er dette hans minnedag, og med translasjonsfest 7. juli. Nær opptil denne dagen har det i seinare år vorte halde katolsk messe i St. Tomaskyrkja på Filefjell - 8. juli 2007 med biskop Bernt som celebrant. Eitt av landets få bevara relikvieskrin er frå Tomas-kyrkja på Filefjell (no i Bergen museum). For eit par år sidan vart det laga ein kopi av skrinet, som no er på plass att i kyrkja på Filefjell.

15. august 2007, minnedatoen for Marias himmelfart, er den formelle datoen då dei seks Valdres-kommunane vart oppretta som eige kapelldistrikt. Frå 1. januar 2008 har biskop Bernt bestemt at den kommunale delen av kyrkjeskatten, som eit prøveprosjekt, blir overført til St. Thomas kapelldistrikt for å gje det eit økonomisk grunnlag. Av dei 95 fastbuande katolikkane i Valdres, var berre 63 av dei i august 2007 registrerte med personnummer. St. Thomas kapelldistrikt har difor eit økonomisk vekstpotensial i å få så mange som råd av dei lokale katolikkane til å registrere seg med personnummer. Dette vil det bli arbeidd med hausten 2007.

av Webmaster publisert 21.08.2007, sist endret 21.08.2007 - 17:41