Protestantisk biskop forsvarar programmet for pavereisa mot kritikk

Den evangelisk-lutherske biskopen i Bayern, Johannes Friedrich, forsvarar programmet for pavereisa mot kritikk frå krinsar innan den protestantiske kyrkja. Den protestantiske biskopen, som var til stades under pavens besøk i Altötting, sa at han hadde opplevd pavens besøk i byen som "om splittinga mellom ulike kyrkjesamfunn hadde vorte overvunne på hjarteleg vis".

Det har vorte retta kritikk mot pavereisa fordi reisa ikkje inkluderer økumeniske samtalar. Denne kritikken vart avvist av den protestantiske biskopen. Han sa seg tvert om godt nøgd med det offisielle programmet, og synte spesielt til pavens utsegn i München om at ein i det økumeniske arbeid må gå fram med både "hjarte og forstand". Han synte også til at programmet omfattar ein økumenisk vesper i Regensburg, som jo ville gje katolikkar og protestantar høve til å love og prise Gud i lag; "det bør me også".

Den evangelisk-lutherske biskopen påpeika også at ei pavereise ikkje er noko naturleg ramme for fagteologisk dialog.

Den protestantiske biskop Friedrich omtalte utsegnene frå den tyske president Horst Kohler, som i si helsing til paven hadde oppfordra til enno sterkare vektlegging av det økumeniske arbeidet, som "vedunderleg".

Kathpress, 11. september 2006 (12. september 2006)